- Dette er noko som har vore etterspurt lenge. Vi veit at mange har ønska å drive med Stikk UT! om vinteren også, men så langt har vi kun hatt tilbod til dei som likar å gå på ski. Men, no har vi fått med oss 17 av våre 25 medlemskommunar til å finne fram vinterturmål, seier May Britt Haukås i Sunnmøre friluftsråd og Marte Melbø i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Sesongen vert køyrt parallelt med Stikk UT! Ski og varar frå 15. desember til 2. påskedag. Du finn fram til turmåla ved å søke i kartet på stikkut.no. Her kan du velge om du vil søke opp skiturar eller vinterfotturar. Registrering gjer du på same måte som ellers, men det blir to ulike lister, alt etter om ein registrerer ski- eller fotturar.
Ingen spesiell tilrettelegging, så ta omsyn til vêr og føre
Dette er i første omgang eit prøveprosjekt og vi er spente på korleis det blir mottatt.
De fleste turane ligg i ytre strok, der snøen og vinteren ikke held til så lenge om gongen. Vi har plukka ut kyst-stiar, nærturar, gapahukar som vi håpar og trur skal vere greie å gå til heile vinteren. Det er viktig å vere klar over at dette er vanlege turmål som ikkje blir tilrettelagt på nokon som helst måte.
Som regel vil turane vere fine å gå, men kjem det mykje snø blir dei ikkje brøyta, og det blir heller ikkje strødd om det skulle bli glatt. Så folk må sjølv ta ansvar og vurdere når det er fint å gå. For mange vil nok broddar og gå-stavar vere til god hjelp gjennom vinteren.
Turane blir merka med blått Stikk UT! skilt, og ved kvart turmål finn du kodeklistermerke med koden på. Denne registrerer på stikkut.no.
Kommunar med vinterfotturar
På Sunnmøre blir det ca. 75 turar å velge mellom i følgande kommunar:
- Fjord, Giske, Ålesund, Stranda, Sula, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og truleg Ørsta
Det blir ikkje fullt så mange på Nordmøre og i Romsdal, men du vil finne om lag 45 turar i desse kommunene:
- Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Smøla og Sunndal.
Stikk UT! Ski utvidar også
Stikk UT! ski-tilbodet har eksistert sidan 2017. I vinter kan du finne om lag 120 Stikk UT! ski-turmål rundt om i fylket. Dette er turmål som ligg i oppkøyrde løyper og vi samarbeidar med hundre idrettslag om dette unike tilbodet.
I vinter utvidast tilbodet både sørover og nordover i fylket. I nord blir det Stikk UT! ski i Aure kommune, samt at Heim og Tingvoll utvidar med nye skiområde.
På Sunnmøre vil du finne nye turar i Volda (Hornindal) og i Vanylven.
Oversikt over Stikk UT! vinterfotturar
Stikk UT! vinterfotturar
Aukra
- Aukra kyststi
- Berghaugen
- Gossen flyplass
- Hundetjønna
- Riksfjordremma
Gjemnes
- Elvastien
- Skeidsdalen rundt
- Strandstien (Helseløypa i Angvik)
Hustadvika
- Elnestangen
- Kyststien i Bud
- Tornes Tursti
- Vågen rundt på Eide
- Hågå på Vevang
- Langvatnet
Kristiansund
- Breilia
- Drabovatnet
- Kvalvik fort
- Kvernberget
- Skorpa
- Klubba
Molde
- Eidsvåg badestrand
- Franskhellaren, Dryna
- Sandan, Midøy
- Ålesundsneset
- Julneset
- Storlihytta
- Varden
- Vikan ved Vågsetra
- Årøhuken i Årølia
Smøla
- Tverrbakkhauan
- Storvatnet
- Maurdalen
- Ørntua
- Innveien
Sunndal
- Seljebøvatnet
- Røkkumskogen
- Valset rundt
- Flåvegen
- Drivapromenaden
- Håsøran
- Grøa rundt
- Rundtur Øksendal
Fjord
- Bedringens veg
- Olavsvegen i Syltemoa
- Lilleåsskagen
- Kvilet frå grendahuset
- Moloen
- Elvaforbygninga
Giske
- Utom fjellet
- Roald småbåthamn - Vigra flyplass
- Fjellfotvegen, Godøy
- Ytterlandshamna - Skjonghamn?
- Kvalneset, Giske?
Ålesund
Ålesund - tidlegare Haram:
- Synnalandsvatnet rundt
- Eventyrskogen
- Midtremma
- Fjørtoftneset
- Remmevegen på Hildre
- Fannevatnet?
- Skodjebruene
Ålesund:
- Tueneset
- Lillevatnet
- Lerstadvatnet
- Borgundgavlen
- Rundskue på Aksla
- Kråkeli på Aksla
Ålesund - tidlegare Sandøy:
- Bjergane, Harøy
- Lomstjørna ved Harøyburet
- Leira ved Sandøy
Ålesund - tidlegare Ørskog
- Hestvika
- Postvegen
- Jarskar
- Skogsvegen på Tøssa
- Lillebygda rundt via Elvastien
Stranda
- Ytstehola
- Ljøsetra
- Ljøkaia
- Lomsplassen
- Holemyrane
Sula
- Ramsvika
- Sandvika-Kjellingset, skogsvegen
- Taustua
- Vassetvatnet
- Mausavatnet
- Vonhytta
Ulstein
- Søre-Eika
- Kiberget
- Aursneset rundt
- Høgåsen på Dimna
- Fløstranda
Vanylven
- Karistova i Åhaugen, Åheim
- Vikevatnet-Slagnes
- Ausa, Syltedalen
- Golan-Fiskå
- Vassverket
- Hundsnesvardane, Nordstrand
- Sandvikdalen, Åram
- 4H hytta på Eidså
- Nærtur Syvde - Sarpen
- Nærtur Syvde - Fløytevadet
- Nærtur Syvde - Reset
- Nærtur Rovde - Åsevegen
Volda
- Elvadalen til Årneset
- Andaneset
- Kalsethola
- Heltnelihuken
- Gapahuken på Lid
- Høgåsen i Hjartåbygda
- Gildrehammaren
- Kjøshammaren
- Kyrkjhornsætra
- Dagsturhytta i Hornindal
Vestnes
- Kråkvika friluftsområde
- Kulturstien på Gjermundnes
- Tresfjord museum
Ørsta
Turmål ikkje bestemt enda, per 20.11.2020