Nytt opplæringsløp for framtidige reinhaldsarbeidarar

Klikk for stort bileteDeltakarar, mentorar og lærarar samla til kickoff på Reiten i Ulsteinvik. Ulstein kommune Deltakarane får lære god bruksnorsk, fag- og samfunnskunnskap som vil vere relevant i ein framtidig jobb som reinhaldar. 

Deltakarane i prosjektet har alle flytta til Noreg og Hareidlandet for ei tid sidan. Opplæringa varer i seks månader. Deltakarane er i praksis som reinhaldarar samstundes som dei får intensiv opplæring i reinhaldsfaget og norsk språk og arbeidslivskunnkap.

Samarbeid

Opplæringsløpet er etablert av den kommunale eininga Inkludering og mangfald i Ulstein i samarbeid med Nav, Ulstein eigedomsselskap (UEKF) og Aasen Renhold AS.

Mentorar frå UEKF og Aasen Renhold AS

UEKF og Aasen Renhold AS har vore sporty og stiller med ein mentor til kvar av deltakarane i prosjektet. Når deltakarane er i praksis vil dei gå saman med mentoren for å lære både om arbeidsoppgåvene og språk.

Samla til kickoff

Reinhaldsleiar i UEKF, Heidi Lunde Øvereng, har fagbrev som reinhaldar og lang erfaring frå reinhaldsbransjen. Ho vil ha undervisning om reinhald, og sørge for at deltakarane får kjennskap til reinhaldsmetodar, reinhaldsmaskiner, kvalitetssikring og mykje meir.

Det var ein gjeng spente deltakarar, mentorar og lærarar som var samla på Reiten til kickoff 1. november. Alle håpar at kurset på sikt vil kunne gje moglegheit for arbeid i reinhaldsbransjen.