Nytt næringsfond og ny kompensasjonsordning

Nytt næringsfond og ny kompensasjonsordning

Utsikt over Kleven verft, Hasund, Dimna, Dimnøy, verftsindustrien - Klikk for stort bilete Per Eide

Er verksemda di råka av koronakrisa? Ulstein kommune har to nye fond du kan søke om midlar frå. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

NB: Næringsfondet er no brukt opp, og det er ikkje høve til å søke om støtte frå fondet (oppdatert 14.04.2023)

 

 

Ny kommunal kompensasjonsordning

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt tilskot til kommunar som har arbeidsløyse over landsgjennomsnitt og som har vore omfatta av forsterka smitteverntiltak i 2021.

Ulstein kommune har fått 788 560 kroner. Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemder som skal få støtte, avhengig av den lokale situasjonen. I Ulstein kommune er det spesielt verksemder innan reiseliv, servering og verftsindustrien som har vorte hardt råka. Formannskapet har difor bestemt at det er desse som skal ha høve til å søke på den kommunale kompensasjonsordinga.

Formannskapet har vore opptatt av at det skal vere ein enkel og ein lite byråkratisk prosess. Søknadar vil verte handsama fortløpande til fondet er tomt.

Krav

  • Verksemda må ha tilsette i Ulstein kommune
  • Arbeidsstad som er grunnlag for søknaden må vere i Ulstein kommune
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund som reiselivsaktør, serveringsstad eller verft.
  • Ein verksemd kan få 10.000 kroner per årsverk, men maksimalt opp til kroner 200.000
  • Verksemda må dokumentere talet på årsverk ved 1.2.2021 ved attest frå revisor eller autorisert rekneskapsførar.

Kompensasjonsordning skal gis i samsvar med regelverket for bagatellmessig støtte. Søkar må oppgi kva anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019-2021. Føretak kan få inntil 200 000 euro over tre år i bagatellmessig støtte.

Meir informasjon om ordninga finn du ved å gå inn på http://www.regionalforvaltning.no. Her kan du også søke frå tysdag 23. mars klokka 14.

Nytt kommunalt næringsfond

Stortinget har løyvd 250 millionar kroner slik at kommunane kan kompensere lokalt næringsliv som vorte råka av pandemien. Ulstein kommune har fått tildelt 970.000 kroner.

Ulstein kommune har hatt både covid-19-næringsfond 2020 (sak 20/1856) og no eit nytt kommunalt kompensasjonfond (sak 21/517). Dette nye næringsfondet skal treffe breiare gjennom å gi tilskot til tiltak som kan styrke og vidareutvikle større deler av næringslivet i Ulstein.

Målgruppa er lokale bedrifter eller næringsaktørar som aleine eller i lag legg til rette for vidare næringsutvikling i Ulstein kommune. Tiltaka skal vere gode utviklingsprosjekt for lokalsamfunnet og ikkje berre for enkeltverksemder.

Meir informasjon om ordninga finn du ved å gå inn på http://www.regionalforvaltning.no. Her kan du også søke om tilskot, frå tysdag 23. mars klokka 14. 

Første søknadsfrist er 1. april.