Prosjektleiar for nye Ulsteinvik barneskule, Idar Ove Brekke.
Janne-Marit Myklebust
Skulen får m.a. ni klasserom for elevane på 1. - 3. trinn, SFO, administrasjon, personalrom og arbeidsplassar.
- Dette sikrar eit betre læremiljø for våre yngste elevar og eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette. Kantina får panoramautsikt over heimbygda, med store vindauge som sikrar godt lys. Det er eit prosjekt det er kjekt å få lov til å leie når ringverknadene er så positive, seier Brekke.
Dronefilm: Aage Christensen, Ulstein eigedomsselskap KF.
Skulen ligg ved sida av dagens Ulsteinvik barneskule, og skal også knytast saman med denne ved hjelp av ein svalgang. Ungdomsskulen ligg også berre eit steinkast unna.
Nye Ulsteinvik barneskule.
Aage Christensen, Ulstein eigedomsselskap KF
Den nye skulen er forma som eit vinkelbygg i to etasjar, med moglegheit for ein seinare 3. etasje.
Betongarbeid på taket av nye Ulsteinvik barneskule.
Janne-Marit Myklebust
Totalt areal er om lag 2.430 kvadratmeter.
Utvendig leikeareal er på om lag 450 kvadratmeter. Det er lagt opp til universell utforming både inne og ute.
Her vert det klasserom. Til hausten skal alt stå klart.
Janne-Marit Myklebust
- Vi har merka godt at vinteren har vore både snørik og kald, men vi er i rute, forsikrar Brekke.
Skulebygget skal etter planen stå klart i løpet av hausten. Det er HS Rise Bygg som har totalentreprisen, og budsjettet er på 75 millionar kroner. Inkludert i dette er også ei mindre ombygging av dagens barneskule, når den nye skulen står klar.
Ulsteinvik barneskule.
Janne-Marit Myklebust
Nybygget ved Ulsteinvik barneskule.
Sporstøl arkitekter