Nye reglar for torghandel og anna leige av grunn

Klikk for stort bilete flickr/frankieleon (Creative Commons) Frå nyttår blir det forbode å selje heliumballongar på kommunal eigedom. Det er éin av endringane i reglementet for leige av kommunal grunn. 

Vi har torgplassar og andre kommunale areal i Ulsteinvik som du kan søke om å leige. Kommunestyret vedtok 29. november å endre reglementet som gjeld for bruken av areala. 

Fleire nye punkt

Dei viktigaste endringane er: 

  • Eit forbod mot sal av heliumballongar, ballongslepp, og slepp av lanterner på kommunal grunn, er teke inn i kapittel 6.
  • Verkeområdet i kapittel 2 er utvida og presisert, og skal gjelde for arrangement og aktivitetar på kommunal eigedom. Det vil seie at det gjeld også for andre aktivitetar enn rein torghandel.
  • Krava til søknad om leige av kommunal eigedom, og krava om løyve og kontrakt, er presiserte (kapittel 4 og 5).
  • Reglementet har fått eit nytt kapittel (13) med føresegner om erstatning/«skadesløsholdelse».
  • Tittelen er endra til «Reglement for leige av kommunal eigedom og for handel utanom fast utsalsstad på kommunal eigedom». 

Gjeld frå nyttår

Det nye reglementet trer i kraft 1. januar 2019. 

Sjå dei nye reglane og les meir om leige av kommunal grunn