Nye nasjonale smitteverntiltak frå fredag 16. april

Nye nasjonale smitteverntiltak frå fredag 16. april

Folkehelseinstituttet Oversikt over dei nye nasjonale tiltaka som vart sett i verk fredag 16. april.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Råd for heile landet


Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Hald 1 meter avstand.
  • Det vert oppmoda om å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand (nytt).
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. Barn og unge kan, i tillegg til å ha besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste vennar.

Reise

  • Reise til utlandet er ikkje tilrådd. Strengt nødvendige reiser kan bli gjennomført.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå områder med høgt smittepress.
  • Ein kan reise på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om det er mogleg.
  • Reiser til arbeids- og studiestad kan vere ei nødvendig reise.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følge anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.
     

Skular og barnehage


Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som har moglegheit.


Handelsnæringa

  • Alle kjøpesenter og butikkar skal fastsetje kor mange personar som maksimalt kan vere til stade i lokala. Om naudsynt må dei bruke vakthald for å sikre at dette vert følgt. Ope med smitteverntiltak jamfør eigen bransjestandard og krav i forskrift.
     

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unntatt frå anbefaling om ein meter avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreining eller liknande i ein anna kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillèt det. 
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrett som ikkje omfattar nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region vert brukt som geografisk inndeling.
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand (nytt).
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand (nytt).
  • Toppidrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.


Høgare utdanning

  • Mogleg å være på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesningar og samankomstar bør ein unngå, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast (nytt).


 

Reglar for heile landet (forskriftsfesta)


Private samankomstar og arrangement

  • Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, vert anbefalt utsett eller avlyst.


Reglane for arrangement er som følgjer:

  • Maks ti personar på private samankomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggarar.

  • Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitteplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som høyrer til same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).

  • Maks 100 personar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar (nytt).
     
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane (nytt).
     
  • Arrangøren skal iverksetje tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig skal det vere vakthald for å sikre dette.
     
  • Same høve til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstadar (nytt).

 

Uteliv, serveringsstadar og arrangement med skjenkeløyve

  • Kun tillat med skjenking av alkohol ved servering av mat.

  • Skjenkestopp kl. 22:00 (nytt).

  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det.

  • Sitteplassar for alle gjestar og kun bordservering av alkohol.
     
  • Minst 1 meter avstand mellom gjestar utanfor same husstand.
     
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykkjer til det.


 

Gode nasjonale sider med oppdatert informasjon:

Regjeringa si pressemelding.

Nasjonal rettleiar med oppdaterte tiltak på helsedirektoratet sine sider.

Helsenorge.no