Nye koronatiltak frå regjeringa

Foto: Helse- og omsorgsdepartementet. Torsdag 13. januar la regjeringa fram nye tiltak mot koronapandemien.

Ei oversikt over dei nye tiltaka finn du HER.

Også helsenorge.no har oppdatert informasjon om dei nye tiltaka.

Lettar på nokre av tiltaka

Nokre av tiltaka som no vert endra/letta er: 

- Oppheving av skjenkeforbodet. Det vert igjen lov å servere øl, vin og sprit fram til klokka 23 på restaurantar og barar. Skjenkinga skal skje ved borda.

- Det er ikkje lenger krav om gult nivå i skular og barnehagar. I Ulstein vert det grønt nivå i krinsane og gult nivå i sentrum. Også vidaregåande skular går frå raudt til grønt nivå. Kommunane sjølve skal bestemme om det er behov for lokale innstrammingar.

- Det vert opna for inntil 200 personar på innandørs arrangement med faste sitteplassar.

- Barn og unge kan utføre utandørs idrettsaktivitetar, som normalt. Innandørs er det råd om maks 20 personar.

- Testing skal i større grad erstatte karantene.

Meteren held fram

Du må framleis halde 1 meters avstand til andre enn dine næraste, og rådet om å ikkje ha meir enn ti gjester heime gjeld også i tida framover.

Påbodet om munnbind vert også vidareført. Dette gjeld på stader der det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand.