Nye besøksrutinar

Nye besøksrutinar

Eit påskepynta inngangsparti på Alvehaugen. Anita Lillenes Det er utarbeidd nye besøksrutinar på sjukeheimen og i omsorgsbustadene på Alvehaugen - i tråd med nasjonale retningslinjer.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Rutinar vedrørande besøk på sjukeheimen og  omsorgsbustadane på Alvehaugen frå 25.03.21.

I tråd med nye nasjonale retningslinjer for sosial kontakt bør besøkande så langt råd er:

  • Unngå at meir enn to personar kjem på besøk i gongen
  • Hald to meters avstand til den du besøker. Unntak for dei aller næraste som kjem jamleg på besøk (dei kan klemme)
  • Bruk munnbind om du ikkje kan halde to meters avstand
  • Besøkande frå område med stort smittetrykk: Sterkt tilråding om å teste deg før du kjem. Bruk munnbind!

Elles:

  • Ring før/når du kjem slik at personalet får sleppe deg inn via altandør via glasgangen på sjukeheimen og via altandøra i omsorgsbustadene
  • Opphald deg berre på bebuar sitt rom/leilegheit
  • Unngå besøk under måltida (ikkje besøk klokka 09.00-10.00, 12.30-13.15, 15-16 og 19-20. Dette for å skape ro og sosialt fellesskap under måltida
  • NB! Du må vere frisk! Sprit hendene, hald avstand, registrer deg i besøksprotokollen og bruk munnbind om nødvendig

Vi håper alle er med på dette og bidreg til at Alvehaugen framleis skal vere koronafri!

Her finn du samlesida vår om koronasituasjonen i Ulstein.