Nye besøksrutinar på Alvehaugen

Nye besøksrutinar på Alvehaugen

Sjukeheimen og omsorgsbustadane på Alvehaugen. - Klikk for stort bileteSjukeheimen og omsorgsbustadane på Alvehaugen. Svein Arne Orvik Frå 20. september er du igjen velkomen til å nytte ytterdørene på Alvehaugen.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Opningstid på Alvehaugen

Ytterdørene er opne frå kl. 7-21. Ved låst dør kan du ringe nattsjukepleiar på tlf. 907 34 359.

 

Besøksrutine og smittevern

Generelle smittevernreglar vil framleis vere gjeldande, og ein må registrere seg i besøkslogg.

Når ein besøker bebuarane kan ein opphalde seg på rommet/leilegheita til bebuaren, eller i storstova/kantina.

Ein kan også nytte vinterhagen mellom avdeling F og G frå kl. 14:30 på kvardagane og heile dagen i helgane.

Av omsyn til dei andre bebuarane ber vi om at besøkande ikkje oppheld seg i fellesstover/kjøken på avdelingane. 

Dei nye besøksrutinane gjeld frå 20. september 2021.