Ny vaksinetype tilgjengeleg

Ny vaksinetype tilgjengeleg

Frå og med veke 38 vil vi ha tilgjengeleg ein ny vaksinetype mot koronaviruset.

Illustrasjonsfoto. pixabay  

Vaksinen er levert av Pfizer, og vil i tillegg til å beskytte mot det opphavelege koronaviruset også gi ekstra beskyttelse mot smitte av omikronvarianten BA.1.

Ved grunnvaksinering (dose 1 og 2) er det framleis den originale varianten av vaksinen som vert gitt. Til oppfriskingsdose tre og fire kan du velje mellom gamal eller ny vaksinetype.

Vaksinasjonsdatoar:

  • 21. september
  • 5. oktober
  • 9. november
  • 7. desember