Ny sjanse for influensavaksine 17.11

vaksine vaksinasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto.Den 17. november kl. 13-15 er det igjen høve til å få seg time til influensavaksinering på helsestasjonen.

Vi ber om at dei som ønskjer vaksine bestiller time via www.c19.no, «bestill influensavaksine». Det er mogleg å hjelpe ikkje-digitale brukarar med bestilling ved å sjølv logge seg inn og velge «bestill for andre». Alternativt kan de sende SMS/ringe til 477 54 774 og få hjelp.  

Alle over 65 år og andre risikogrupper får vaksinen gratis (oversikt over risikogrupper). Andre betalar 200 kr.

Dersom nokon ønskjer å ta influensavaksine tidlegare enn 17. november, må dei kontakte legesenteret.