Ny plan skal gjere det enklare for ungdom å forstå berekraftsmåla

Ny plan skal gjere det enklare for ungdom å forstå berekraftsmåla

Det nyvalde ungdomspanelet: Reidar André Heilevang, Ola Fredriksen Orset, Joakim Myklebost Tangen, Jens Aklestad, Niels Adon Leenders, Niklas Sæbjørn Hansen, Nikola Bileska og Erika Ruiz Solhjem. Framme frå venstre: Skaiste Jonaityte, Vilde Solbakken Kvalvik, Nicolai Kløvning og Julia Pater-Walderhaug. Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdomspanelet ønsker å gjere det enklare for ungdommar å forstå dei 17 berekraftsmåla. Derfor har dei utarbeidd ungdommens berekraftsplan.

Artikkel henta frå nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Planen (PDF, 2 MB) tar ikkje for seg alt som går innunder dei 17 berekraftsmåla, men trekker fram dei områda som ungdomspanelet meiner er  aller viktigast for ungdom i Møre og Romsdal .  I planen kjem dei med konkrete forslag til både kva vi som enkeltpersonar enkeltpersonar og politikarane kan gjere for å bli meir berekraftige. For kvart mål er det skrive ein kort tekst om kvifor målet er relevant for ungdom i Møre og Romsdal, og nokre tips til kva ungdom kan gjere for å vere meir berekraftige.

– For kvart område har vi med både manglar og forbetringsområde i fylket vårt, og kva som må til for å bli betre. Vi håpar at planen skal bli tatt på alvor av fylkespolitikarane, og dermed resultere i reel forbetring, seier Niels Adon Leenders, nestleiar i ungdomspanelet.

Oppmuntrar politikarar til samkøyring

Nokre av forslaga ungdomspanelet har til politikarane er å oppmuntre til samkøyring, forbetre sanitærforholda på skulane og stille større krav til leverandørar om å vere miljøvennlege og sikre grøn og berekraftig økonomisk vekst. Ungdommane meiner politikarane må ta ansvar og samarbeide der dei kan.

Alle må gjere ein innsats

Ungdomspanelet utfordrar ungdom til å ta kortare dusjar, ikkje lade mobilen om natta, kjøpe brukt og dele, i tillegg til å reparere ting som ikkje fungerer i staden for stadig kjøpe nytt og kaste det gamle.

Med dette ønsker dei at alle forstår at kvar og ein av oss må gjere ein innsats for at samfunnet vi lever i skal vere godt for alle, og at jorda vi lever på skal bli behandla betre.

Heile planen kan du lese her (PDF, 2 MB)