Ny fastlege i Ulstein

Ny fastlege i Ulstein

Ingvild Aursøy Måseide Ingebjørg Toftesund er tilsett som ny fastlege ved Ulstein legesenter. Ho er på plass frå 1. februar 2023.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ingebjørg Toftesund er spesialist i allmennmedisin og ho skal erstatte Turid Grimstad, som gjekk av med pensjon i sommar. Toftesund tek over pasientlistene til Grimstad frå 1. februar 2023.

I sommar har vikarlegar teke seg av Grimstad sine pasientar, og frå 1. september og fram til februar neste år, vil to turnuslegar dele på arbeidet med pasientar som manglar fastlege, under kyndig rettleiing. 

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde fortel at dei har arbeidd godt med å finne ein god erstattar for Grimstad, og at dei no har lukkast veldig med dette.
- Ingebjørg Toftesund har vore fastlege i mange år, er spesialist i allmennmedisin og er også sjømannslege og petroleumslege. Dei siste åra har ho arbeidd ved Medi3 i Ulsteinvik og Ålesund. Ho har mykje erfaring, er godt likt, og vi er veldig glade for å få ho med i legeteamet vårt ved Ulstein legesenter.