Norsk Lyspris til Ulsteinbadet i Ulstein Arena

Klikk for stort bilete Per Eide «Den bølgande himlingen laga av varmt treverk med integrert belysing skaper ei flott oppleving», skriv juryen. 

Ulsteinbadet får Norsk Lyspris 2019 i kategorien «beste spesialdesigna produkt til prosjekt». 

Norsk Lyspris er den gjeveste utmerkinga for lysdesign og belysingsprodukt i Noreg. Prisen vert delt ut årleg av den ideelle organisasjonen Lyskultur. Undervassrestauranten Under på Lindesnes er blant dei andre prisvinnarane i 2019.

– Passar perfekt  

Juryen for Norsk Lyspris grunngiv prisen slik:

«I Ulstein Arena får vi med ein gong kjensla av å kome inn i eit varmt rom der det handlar om terapi og velvere. Tilpassinga omfattar endringar av dei optiske eigenskapane til armaturen slik at han både fungerer for belysing av treverket i symjehallen og bassenget. Resultatet viser kunnskap om optikk, lysteknikk, formgiving og korrosjonshaldbarheit. Klormiljøet er noko av det mest krevjande som finst for ein lysarmatur.

Her har ein lukkast med å tilpasse armatur til føremålet og skapt eit nytt produkt som passar perfekt til symjehallen. Den bølgande himlingen laga av varmt treverk med integrert belysing skaper ei flott oppleving for både symjande og tilskodarar. Her har ein lukkast med å halde oppe lysnivået i bassenget, unngå speglingar i vatnet og lyssette rommet fra éin armatur. Resultatet vitnar om eit godt samspel mellom arkitektane og dei som har jobba med lys- og armaturdesign.» 

Prisløna bygg

Fleirbruksbygget Ulstein Arena opna i 2017 og er tidlegare tildelt Statens pris for byggkvalitet