No skal du takke ja eller nei til vaksine via SMS

No skal du takke ja eller nei til vaksine via SMS

Vaksinering.Når det er din tur til å få vaksine mot korona vil du få innkalling via SMS. Du treng ikkje å kontakte kommunen sjølv.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Har du fått sms frå www.c19.no? Det betyr at det er din tur til å få tilbod om vaksine mot korona. 

Du har to val: 

  1. Dersom du vil ha vaksine, går du inn på lenka du har fått tilsendt og takkar ja. Du vil då automatisk få tildelt time på SMS. Det er viktig at du møter til oppsett time, om du ikkje av heilt særeigne grunnar må endre på tidspunktet (t.d. om du jobbar offshore/på sjøen).
     
  2. Dersom du ikkje vil ha vaksine, går du inn på lenka du har fått tilsendt og takkar nei. Du vil då få ein SMS som stadfestar valet ditt.

Er du allereie vaksinert? Ring oss på 477 54 774 og gi beskjed.

Treng du hjelp til bestilling? Ring oss på 477 54 774, og vi skal hjelpe deg.

Dei som må endre på timen vil normalt ikkje kunne rykke fram i køen, men vi kan utsette ein eller begge dosar. Intervallet mellom dosane kan vere frå 3-12 veker, men når prioriteringsgruppe 5-7 er ferdige (folk i risikogrupper), vil det normale vere 12 veker.

Vi vaksinerer no personar i aldersgruppa 64-18 år - med underliggjande sjukdomar. Deretter startar vi på aldersgruppa 64 år og nedover - utan underliggjande sjukdomar. Vi får ikkje informasjon om kor mange vaksiner vi får før veka før, og det er difor vanskeleg å seie nøyaktig når det er din tur.