No kan du sende sms til helsestasjonen

Nokon skriv på telefonen.  - Klikk for stort bilete StockSnap/Pixabay Du kan no bestille og endre time ved helsestasjonen ved å sende tekstmelding. Tenesta gjeld alle som brukar helsestasjonen. 

   

– Det er meiningslaust at ein i 2020 må ringe, og kanskje hamne i telefonkø, for eit så enkelt ærend som å endre, avbestille eller bestille ny time på helsestasjonen. Det gjer vi noko med no, seier leiande helsesjukepleiar Kristin Meli og prosjektleiar Inge Pettersen. 

 

Slik gjer du det

Nummeret er 2097, og du kan endre, avbestille eller bestille ny time. Skriv: HSTULSTEIN fødselsdato, namn, meldinga og ev. grad av hast. 

Døme: HSTULSTEIN 230618, Kari Frisk, ønsker ny time hos helsesjukepleiar i veke 32. 

Unngå sensitiv informasjon. Som føresett må du hugse at det er fødselsdatoen og namnet til barnet du skal skrive.

Du vil få ei kvittering på at vi har motteke sms-en din, og vi svarar normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Gjeld førespurnaden din ein time same dagen, ber vi om at du tek kontakt på telefon. 

 

Personopplysningar

Ved å sende oss ein sms samtykkar du til at WTW AS behandlar personopplysningane dine og at vi kan svare deg via sms. Hugs at du ikkje kan sende helseopplysningar, personnummer eller annan sensitiv informasjon på sms. 

 

Meir tilgjengeleg

Sms-tenesta er gratis. Tenesta kan ikkje nyttast dersom ein har reservert seg mot kortnummer.

Tenesta er levert av HelseRespons, og er den same som vert nytta ved ei rekkje legekontor.

Vi tek i bruk sms for å gjere tenestane til helsestasjonen meir tilgjengelege for brukarane. Dette er ein av leveransane i det interkommunale prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste».