No kan du påverke fylkespolitikken

Klikk for stort bileteGeiranger, ei av mange perler i Møre og Romsdal. Ximonic Simo Räsänen / Wikimedia Commons I 2015 valde ein del i Ulstein å berre røyste i kommunestyrevalet. No har du igjen sjansen til å påverke kven som skal styre fylket vårt. 

  
Hausten 2019 er det både kommunestyre- og fylkestingsval, og førehandsrøystinga er allereie godt i gang. 

 

To val

For å røyste ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet, må du ta ein røystesetel for kvart av vala når du kjem for å røyste. Du kan ikkje kome tilbake for å røyste på det eine eller andre valet seinare. Kommunestyresetlane er rosa, fylkestingssetlane er blå.  

Valresultatet frå 2015 viste at det var fleire som røysta i kommunestyrevalet enn i fylkestingvalet.

Det er sjølvsagt heilt opp til deg om du berre vil røyste i kommunestyrevalet. Men om du ikkje deltek i fylkestingsvalet, seier du frå deg ei mulegheit til å påverke i sakene fylkestinget har ansvar for. 

 

Kva gjer fylkestinget? 

Kommunestyret er lokalt og tar opp saker som er viktige for kommunen du bur i. Men har du tenkt over at også mange av sakene som blir bestemt av fylkestinget påverkar deg?

Fylkestinget har ansvaret for blant anna

  • vidaregåande opplæring
  • kollektivtrafikk i fylket
  • den offentlege tannhelsetenesta
  • mange av vegane i fylket

Du kan lese meir om fylkeskommunen og fylkestinget på nettstaden deira

 

Listene til fylkestingsvalet

Her kan du sjå kva for parti og kandidatar som stiller til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal