No kallar vi inn til vaksinering via SMS

No kallar vi inn til vaksinering via SMS

Vaksinering.Til no har alle som har fått tilbod om vaksine mot korona vorte oppringt av helsestasjonen. Frå no av vil dei fleste få SMS-innkalling. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det opplyser helsestasjonen.

Innkalling til vaksinasjon vil skje via SMS med informasjon om dato, tid og stad for vaksinering, i tillegg til informasjon om kva type vaksine du får tilbod om.

Dersom du IKKJE ønskjer vaksine, må du gi beskjed ved å sende SMS til tilf. 2097: HSTULSTEIN fødselsdato, namn og meldinga di. 

(Eventuelt kan du ringe 477 54 774)

Når vi sender SMS er vi avhengig av at dei som ikkje skal ha vaksine, melder i frå om dette til oss, slik at vi kan kalle inn andre.

Vaksinering

Innbyggjarar fødde i 1946, og nokre fødde i 1947, vert kalla inn til vaksinering i veke 14.

Vi vaksinerer også folk i risikogruppene langsmed, etter alder.

Totalt om lag 220 personar.

I veke 15 vert om lag halvparten oppringt, og dei andre får SMS. 

Vi har om lag 250 dosar for veke 15. 

Det er berre Pfizer-vaksinen som vert brukt.