Når skal elevar og barnehagebarn haldast heime?

Når skal elevar og barnehagebarn haldast heime?

Ei skuleelev - Klikk for stort bilete Pexels/Vision.Pic.net Det kjem an på kva symptom dei har og kor gamle dei er. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

   

For barn under 10 år

  • Dersom barnet berre har rennande nase, og elles god allmenntilstand, bør ikkje barnet haldast heime eller testast for koronaviruset.
  • Viss barnet i tillegg har eitt eller fleire andre symptom på luftvegsinfeksjon (for eksempel hoste, vond hals, feber, nedsett allmenntilstand), skal barnet vere heime. Hald barnet heime eit par dagar for å sjå an symptoma. Viss symptoma går over, eller barnet berre har restsymptom med rennande nase, bør ikkje barnet testast og kan gå tilbake til barnehage/skule. Viss symptoma ikkje går over, ringer de og avtaler ein test. Sjå telefonnummer lenger nede på sida.
  • Viss barnet vert testa, skal det vere heime til de har fått svar på testen.
  • Viss barnet får eit negativt testsvar, skal det halde seg heime til allmenntilstanden er god. Så lenge allmenntilstanden er god, gjer det ikkje noko om barnet eventuelt har lette restsymptom.

 

For barn over 10 år og vaksne

  • Covid-19 har ofte desse symptoma: feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals eller sjukdomsfølelse.
  • Ved symptom på covid-19: Ring same dagen som symptoma oppstår og avtal ein test. Dette gjeld alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom som er nemnde i punktet over. Du ringer Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 kl. 8–14 på kvardagar. Treng du tilsyn av lege på grunn av akutt sjukdom utanom telefontida til legesenteret? Ring legevakta på tlf. 116 117.
  • Dei som vert testa skal vere heime til dei har negativt testsvar og er symptomfrie.

 

Tvilstilfelle

Det er ikkje lett å skilje ei forkjøling frå symptom på covid-19. Derfor vil det alltid kunne oppstå tvilstilfelle. Men det generelle rådet er at du skal ha låg terskel for å halde deg sjølv eller barnet ditt heime – og låg terskel for å ta ein koronatest.