Nær ein million kroner til opplæringsprosjekt for flyktningar

Nær ein million kroner til opplæringsprosjekt for flyktningar

Dei som deltek i prosjektet tek fagbrev som industrimekanikarar. Privat Det lokale samarbeidsprosjektet «Tilrettelagt opplæringsløp for fagbrev i industrimekanikarfaget» får ei stor løyving frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Direktoratet år tildeler 950 000 kroner i prosjektstøtte til prosjektet «Tilrettelagt opplæringsløp for fagbrev i industrimekanikarfaget». 

Flyktningar kvalifiserer seg for arbeidslivet

Dette er eit nyskapande samarbeidsprosjekt der flyktningar kvalifiserer seg for arbeidslivet. Prosjektet har blitt til i samarbeid mellom Ulstein kommune, Mafoss, Nav, Møre og Romsdal fylkeskommune og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. 

Samarbeidet held fram

Pengestøtta gjer at det konstruktive samarbeidet mellom alle aktørane i prosjektet kan halde fram. Og støtta viser at direktoratet framleis vurderer at prosjektet er av nasjonal interesse. 

Prosjektet er tidlegare heidra med prisen Årets nyskapar 2019