Minneord om Ragnar Ulstein

Klikk for stort bileteBysta av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik Svein Arne Orvik Ordførar Knut Erik Engh heldt minneord i gravferda til Ragnar Ulstein i Spjelkavik kyrkje 13. desember 2019. 

Lokalsamfunnet i Ulstein tok med sorg imot meldinga om at Ragnar Ulstein hadde gått bort. Vi minnest han med stor takksemd – vel vitande om at ingen andre av våre har betydd  mykje for  mange i dette landet som han. 

Ragnar Ulstein reiste tidleg frå staden som ber det same namnet som han sjølv. Det måtte han gjere: Først – med livet som innsats – for å kjempe mot nazismen og for fridomen. Seinare reiste han land og strand rundt for å dokumentere kva langt over tusen motstandsfolk hadde opplevd under krigen. 

Banda til heimstaden varte likevel livet ut. I april 2016 vart bysta av Ragnar Ulstein reist i Ulsteinvik. «Det er ikkje ofte ein får avdekke ei byste av ein bauta», sa den dåverande forsvarsministeren. Det eg hugsar best frå den dagen, er det Ragnar sjølv ville formidle. Han såg framover og sa: «På nytt reiser det seg totalitære system rundt oss». Han bad oss stå opp for fridomen: «Vi må kjempe og stelle oss slik at vi ikkje mister den. Det er mitt einaste store ønske». 

Denne gløden for fridomen bar Ragnar med seg heilt til det siste. Ja, Ragnar var historikar, men han ville meir enn å skildre krigshistoria. Han mana oss til å ta vare på freden og folkestyret – til å alltid stå opp mot vondskapen, hemnlysta og forakta for menneskelivet. 

Den bodskapen er det no opp til oss alle å føre vidare. Derfor var det gripande å sjå flokken av konfirmantar som sist torsdag samla seg rundt bysta av Ragnar Ulstein. Og presten fortalde ungdommane om den modige 21-åringen Ragnar og andre unge – nokre av dei berre tenåringar – som sette livet på spel for det dei trudde på.

Tarjei Vesaas sa ein gong om Ivar Aasen, ein annan bauta frå våre kantar: «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Den stille nedbrytaren av grenser, den rolege og sikre oppbyggaren av eit folk».

Vi kan bruke dei same orda om Ragnar Ulstein. Med alle forteljingane han samla frå krigsåra og gav vidare i bøkene sine, så vart også Ragnar ein oppbyggar av eit folk. Han lytta til dei mange som bar på sterke og vonde minne – og gav dei ei stemme som bar ut til oss andre. Det har gått mangt eit menneske og sett seg fritt ikring for Ragnar Ulsteins skuld. 

Fred over minnet ditt.