– Mindre reising, meir digital kraft

Klikk for stort bileteGjennom teknologiskulen brukar Ulstein-elevane blant anna VR-briller. Svein Arne Orvik Korleis har digitaliseringa hjelpt oss og nabokommunane med å takle koronakrisa? Det kan du lese om i det nasjonale Kommunespeilet. 

– På kommunehuset i Ulstein i slutten av februar kom eit litt for drygt aprilsnarrforslag: Alle elevar skal ha ein heimeskuledag i veka. Ikkje visste vi at berre eit par veker seinare hadde alle elevane heimeskule kvar dag. Heldigvis hadde vi satsa på teknologi og alle lærarane hadde auka kompetanse om digitalisering gjennom eit samarbeid med Høgskulen i Volda. Vi var i så måte godt rusta, seier Verner Larsen, kommunedirektøren vår, i Kommunespeilet.

I artikklen får du høyre om korleis vi og resten av Søre Sunnmøre jobbar med digitalisering – og kva koronasituasjonen har hatt å seie for arbeidet

Det er KS som står bak Kommunespeilet, som byr på historier frå Kommune-Norge som skal inspirere og synliggjere gode eksempel. KS er arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane.