Midlar til lokale verksemder

Midlar til lokale verksemder

Ulsteinvik. Svein Arne Orvik Ulstein kommune har fått nesten 1,7 millionar kroner i kompensasjonsmidlar som no vert tildelt serveringsstader og forsamlingshus/lokale i Ulstein kommune.

Det er snakk om såkalla "koronamidlar" kommunen har fått tildelt. Totalt 1.697.000 kroner.

I eit ekstramøte i formannskapet 22. desember gjorde politikarane følgjande vedtak: 

Ulstein formannskap vedtek at kompensasjonsmidlane vert fordelt i to pottar:

  1. 1.400.000 vert fordelt til verksemder som har pub og/eller restaurantdrift med skjenkeløve. Kompensasjonen skal verte utrekna etter tal på årsverk.
  2. 297.000 vert fordelt til forsamlingshus/lokale som fell utanfor vanlege ordningar og som kan søke om kompensasjon for inntektstap pga. avlyste arrangement i november 2021 – januar 2022. Søknadsfrist vert sett til 19.01. 2022.

       Om ikkje alle pengane vert tildelt vil restbeløpet verte tildelt etter punkt 1.

  Lenke til søknadsskjema

Den eine potten vert altså fordelt på dei 11 verksemdene i Ulstein med skjenkeløyve - utrekna etter tal på årsverk. Den andre delen av potten kan lokale forsamlingshus/lokale søke på sjølve.

Formannskapet håper dette vil gi hardt prøva verksemder i Ulstein eit lite pusterom.