Lovleg å låse pasientrom

Klikk for stort bileteSoneleiar Gunn Helen Hauge Muren ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter er glad for avgjerda frå Fylkesmannen. Madeleine Pettersson / Per Eide Ulstein kommune bryt ikkje lovverket ved å låse pasientrom når pasienten eller næraste pårørande/verje ønsker det. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal no avgjort.

Fylkesmannen oppretta 29. januar i år tilsynssak mot kommunen. Bakgrunnen var at Fylkesmannen hadde fått ei bekymringsmelding fra Hareid og Ulstein brannvesen om at pasientar ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter (Ulstein sjukeheim) vert haldne tilbake på eigne rom ved at dørene til pasientrom vert låste.

Endeleg avgjerd

I eit brev til kommunen konkluderer Fylkesmannen med at kommunen ikkje har brote helse- og omsorgslovgivinga. Fylkesmannen har vurdert praksisen til kommunen i forhold til helse- og omsorgstenestelova, helsepersonellova og pasient- og brukarrettslova.

Dei medisinskfaglege vurderingane i saka er gjorde av professor dr. med. Steinar Aase, som er spesialrådgivar for Fylkesmannen. Avgjerda til Fylkesmannen er endeleg og det er ikkje høve til å klage på ho.

Kan låse opp frå innsida

Kommunen uttalte seg 14. februar om saka i eit brev til Fylkesmannen. I utgreiinga frå kommunen stod det mellom anna dette:

«Dørene til bebuar sitt rom blir låst dersom bebuar har ønske om det. Det er personalet som yter helsehjelpa og som daglig er i kontakt med bebuar og kjenner vedkomande godt, som vurderer om vedkomande er samtykkekompetent.

Dersom bebuar ikkje har evne til å uttrykke ønske og behov, er det helsepersonellet som ser kva bebuar ønsker og treng, og gjer vurderingar for bebuar, og sikrar at bebuar får eit verdig tenestetilbod. Vurderingane vert gjort kontinuerlig, og er i endring utifrå endringar i bebuar sitt funksjonsnivå.

Eit av kriteria for at dør til bebuarrom kan låsast, er at bebuar sjølv kan gå til døra, og klarer å låse opp om ein ønskjer det. Alle pasientdører kan ved hjelp av vridar, låsast opp frå innsida av romet.

Det er fleire bebuarar som sjølve låser dør til romet sitt, både på dag og natt, og bebuarar som ber personalet om å låse døra.»