Lærerik teknologiveke på skulane

Klikk for stort bileteTeknologiveke på Hasund skule Arne Sivertstøl Elevar og tilsette på skulane våre har bak seg ei spennande teknologiveke. 

På Hasund skule, ein av dei fire barneskulane våre, har elevane og lærarane utfalda seg med forskjellig teknologisk utstyr denne veka.

Programmering og 3D-printing

Elevane har blant anna bygd og programmert Lego-robotar, programmert og køyrt Sphero Bolt-robotar, teikna og 3D-printa ting og laga film.

Elevane har også vore lærarar for kvarandre ved å vise, forklare og hjelpe kvarandre. Det har vore mykje faddersamarbeid mellom klassene.

Velferdsteknologi 

Skulen var også så heldig å få besøk av Hildegunn Utgård, som er prosjektleiar for satsinga på velferdsteknologi i kommunen. Ho kom og viste og forklarte kva slags teknologi kommunen har innanfor helse og omsorg. Hildegunn fortalte om korleis teknologien kan hjelpe innbyggjarane til å ha eit betre og tryggare liv.

Elevane fekk også prøve litt av utstyret som ho hadde med. Hildegunn røpte også litt om kva som kjem framover av teknologiske hjelpemiddel.

Spennande

Det har vore ei spennande, lærerik og veldig variert veke både for lærarar og elevar. Skulen er svært takksam for å ha så mange flinke tilsette som har gått langt utanfor komfortsona si for å kunne gi elevane denne flotte veka.