Kven fortener frivilligprisen for 2023?

Kven fortener frivilligprisen for 2023?

Ulstein frivilligsentral deler kvart år ut ein frivilligpris. Dei håper på mange nominasjonar!

På den internasjonale frivilligdagen 5. desember skal Ulstein frivilligsentral dele ut frivilligprisen for 2023. Prisen er på 5 000 kroner.

Prisen vert tildelt ein initiativrik person eller gruppe som har utmerkt seg med frivillig arbeid i Ulstein kommune.

Føremålet er å styrke samspelet mellom kultur, helse, organisasjonsliv og den frivillige sektor elles.

På denne måten håper frivilligsentralen å stimulere til frivillig innsats og løfte fram gode initiativ.

Send inn forslag til kandidatar innan 26. november til inger.dimmen@ulstein.kommune.no eller til postmottak@ulstein.kommune.no.

Du kan også ta turen innom rådhuset i Sjøgata 63 for å levere forslaget ditt skriftleg. 

Hugs at du må grunngi kvifor du meiner at personen eller gruppa fortener prisen. 

Inger Anne Dimmen frå Ulstein frivilligsentral. Janne-Marit Myklebust