Kva kan du fortelje oss om friområda i Ulsteinvik?

Klikk for stort bileteFinn området som betyr mykje for deg i det tredimensjonale kartet vi har laga. Skjermbilde frå CityPlanner Korleis står det eigentleg til med leikeplassane og friområda i Ulsteinvik? Det vil vi vite meir om – og vi treng di hjelp!

  
Kva med friområdet du har eit forhold til:

  • Vert det brukt?

  • Held nokon det ved like?

  • Er det på tide med rydding eller tilrettelegging?

  • Har du gode minne som fortel kva området betyr for deg eller andre? 

 

Gå inn på kartet vi har laga og del kunnskapen din ved å klikke på "Gi ei tilbakemelding".

Viss du har problem med kartet, kan du sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no

 

Kartlegginga er i første omgang avgrensa til Ulsteinvik. Ho kan verte utvida seinare.

Takk for at du bidreg!