Det er sett ned eit utval i Ulstein som skal jobbe med reforma «Leve hele livet».
Reforma dreier seg om trygg og aktiv alderdom. Utvalet jobbar no med å samle innspel om kva dette tyder i vårt lokalsamfunn.
Korleis vil du bu i alderdomen? Kva gir god fysisk og psykisk helse? Kva bør kommunen stille opp med? Kva kan du sjølv bidra med? Dette er noko av det utvalet gjerne vil høyre dine meiningar om.
Du er velkomen til å sende inn dine innspel på e-post til adressa livet@ulstein.kommune.no.
Bli også gjerne med i ordskiftet om temaet på Facebook-sida vår.
Les meir om reforma.