Kva bør vi gjere for å kutte klimagassutslepp?

Klimastreikande elevar på Ulstein rådhus i mars 2019. - Klikk for stort bileteKlimastreikande elevar på Ulstein rådhus i mars 2019. Svein Arne Orvik No kan du seie ifrå om kva tiltak ein ny klima- og energiplan i kommunen bør ha. Fristen er 31. august. 

Det er Sunnmøre regionråd som samlar inn innspela. Regionrådet vil høyre kva tiltak du meiner det er viktig å få realisert i kommunen din for å få redusert klimagassutsleppa.

Klikk her for å kome til eit skjema der du kan svare på nokre spørsmål og kome med forslag til tiltak som kommunen bør satse på.

Svara vil bli analysert og systematisert før resultatet blir publisert i august. Takk for at du bryr deg.