Kurs i ansvarleg vertskap

Klikk for stort bilete

Dette er eit kurs for deg som arbeider på ein skjenkestad/utestad med løyve til å skjenke alkohol. 


Kva kan vi tilby?

Kurset gjev deg opplæring i kva alkohollova krev, og kunnskap om kva som skjer med kroppen når det vert konsumert alkohol, både fysisk og psykisk.


Kven er målgruppa og kvifor?

Kurset er for deg som arbeider på ein skjenkestad/utestad med løyve til å skjenke alkohol. Det er eit tilbod til alle skjenkestadane i regionen vår, og målet er å få bransjen til å ta eit felles løft for å førebygge og redusere rusrelatert vald. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i restaurantbransjen vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.


Tid og stad

Kurset finn stad på Quality Hotel Ulstein måndag 18. februar 2019 kl. 16:00-21:30.

Det er atterhald om nok påmelde for at kurset vert halde.


Kva kostar det?

Prisen er kr. 200,- inkludert enkel bevertning.


Korleis melde meg på?

Her finn du søknadsskjemaet for påmelding.

Bindande påmelding innan 7. februar 2019. 


 

Kontakt

Hanne Morseth
folkehelsekoordinator / koordinator i kommunal oppfølgingsteneste
E-post
Telefon 70 03 01 82
Mobil 950 24 557