Kurs for pårørande til personar med demens

Klikk for stort bilete

Som pårørande til ein person med demens kan du ha behov for kunnskap om sjukdomen og korleis du kan ta vare på deg sjølv. Då kan det vere nyttig å gjennomføre pårørandeskulen.

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon.

Det er Ulstein kommune i samarbeid med Ytre Søre Sunnmøre Demensforening som arrangerer kurset.


Kva kan vi tilby?

Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og du vil treffe andre pårørande i same situasjon, samt fagpersonar med kompetanse på området.


Kor tid?

Kurset går over 4 samlingar frå kl. 18 til 20:30, på følgjande datoar:

  • 19.02.2019
  • 05.03.2019
  • 19.03.2019
  • 02.04.2019


Korleis melde seg på?

For nærmare opplysningar og påmelding - ta kontakt:

  • Norunn Dimmen
    Tlf.:       947 86 573
    E-post:  norunn.dimmen@ulstein.kommune.no
     
  • Gunn Helen Muren
    Tlf.:       982 30 615
    E-post:  gunn.helen.muren@ulstein.kommune.no
     
  • Mari Ann Vattøy
    Tlf.:       970 85 885
     
  • Kersti Hasund
    Tlf.:       932 01 401

Påmeldingsfrist: 10.02.2019