31. januar
Totalt i veke 4 er det registrert 133 koronatilfelle i Ulstein. Av desse er 116 stadfesta med PCR. I tillegg er det registrert 17 positive hurtigtestar som ikkje treng PCR-stadfesting etter nye retningslinjer.
Sida førre oppdatering, torsdag 27. januar, er det 42 nye tilfelle som er stadfesta med PCR, pluss ein del positive hurtigtestar.
Smitteutbrota på folkehøgskulen og skulane i sentrum er no i tilbakegang. Totalt er det registrert 64 positive testar på elevar ved SUFH, i tillegg til fire lærarar. Desse er inkludert i tala over, og utgjer difor om lag halvparten av tilfella i Ulstein i veke 4.
Ved Ulstein vidaregåande skule er det fire som har testa positivt sidan førre oppdatering.
Ved Ulstein ungdomskule er det registrert tre nye positive.
Ved Ulsteinvik barneskule er det registrert seks nye positive.
I tillegg har fire barnehagebarn testa positivt.
Alle som bør testast vil få beskjed via skule eller barnehage.
Mange er flinke til å melde inn positive hurtigtestar sjølve. Denne veka har over 50 personar registrert seg. Dette er nesten halvparten av dei smitta.
27. januar
Sidan måndag har Ulstein kommune fått melding om 75 nye positive koronatilfelle, stadfesta med PCR.
Av desse er 29 tilknytt Sunnmøre folkehøgskule. Ved Ulstein ungdomsskule er det åtte nye smitta, dei fleste på 9. trinn. Ved Ulsteinvik barneskule er det 10 nye smitta, dei fleste på 7. trinn.
I tillegg er det meldt inn mange positive hurtigtestar som ikkje er stadfesta med PCR. Mange av desse er knytt til utbrotet ved folkehøgskulen.
26. januar
56 elevar og to lærarar ved Sunnmøre folkehøgskule har testa positivt for korona. Skulen har gjort tiltak for å isolere dei smitta, og det vert gjennomført hyppig testing på dei andre elevane og dei tilsette. Ingen av dei som er smitta er alvorleg sjuke.
24. januar
Sidan onsdag har Ulstein kommune fått melding om 47 nye positive smittetilfelle stadfesta med PCR. Av desse er åtte tilknytt ungdomsskulen. Fire av desse er elevar på 9. trinn, som tidlegare har vore smittefritt.
Kommunen har også fått melding om sju nye positive tilfelle på 7. trinn ved Ulsteinvik barneskule, og elles enkelttilfelle spreidd på andre trinn. Dei fleste søsken til kjende positive.
Det har i løpet av helga også kome informasjon om at det er nokre positive tilfelle ved Sunnmøre folkehøgskule, og det er difor starta testing der.
Det har så langt ikkje kome informasjon om at nokon av dei som er smitta har vorte alvorleg sjuke.
19. januar
Denne veka har Ulstein kommune så langt fått melding om 62 nye koronatilfelle, alle stadfesta med PCR. 55 av desse vart meldt inn tysdag, og sju i løpet av onsdag. Dette kan verte fleire, då ikkje alle prøvesvara har kome.
Av dei 62 er det ni elevar ved 7. trinn ved Ulsteinvik barneskule som har testa positivt, og ti på ungdomsskulen (ni på 8. trinn og ein på 10. trinn).
Dei andre smitta er i hovudsak nærkontaktar til kjende smittetilfelle. Nokre har fått påvist smitte ved innreise frå utlandet, og eit par har ukjent smitteveg.
Det har også kome melding om ein positiv hurtigtest i ei tredjeklasse ved Ulsteinvik barneskule. Her fekk resten av klassa tilbod om testing med hurtigtest onsdag.
Ingen av dei som har vorte smitta siste tida har vorte alvorleg sjuke.
17. januar
Totalt i veke 2 fekk Ulstein kommune 70 nye positive koronatilfelle.
Ungdomsskulen: I løpet av fredag og laurdag fekk kommunen meldt inn fem nye smitta på 8. trinn. Totalt har det vore 16 smitta på dette trinnet dei to første vekene av 2022. Det vert regelmessig testing på ungdomsskulen på 8. trinn dei to neste vekene.
På 10. trinn har det kome melding om éin ny positiv, 18 totalt. Utbrotet ser difor ut til å vere over her.
På 9. trinn har det framleis ikkje kome melding om at nokon har testa positivt.
Ulsteinvik barneskule: Har hatt fire positive koronatilfelle, men desse har ikkje vore på skule.
Barnehagane har også fire positive.
Ved Ulstein vidaregåande er det meldt om seks positive tilfelle, men dei fleste av desse har ikkje vore på skulen.
I tillegg har 24 andre testa positivt for korona, for det meste nærkontaktar som har vore i karantene. To av dei 24 er gjestearbeidarar.
Ingen alvorleg sjuke
- Dette betyr at vi har eit smittetrykk på omlag 1 250/100 000 og er ganske raude, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.
- Ut frå smittesituasjonen bed vi alle vere på vakt og halde seg heime ved nyoppstått sjukdom - og teste seg!
Til no i dette utbrotet har ingen vorte så alvorleg sjuke at dei har vorte lagt inn på sjukehus.
I tillegg til det som er rapportert her, har kommunen fått mange positive hurtigtestar i helga. Det kan sjå ut til at 7. trinn på Ulsteinvik barneskule no har fleire smitta, og det er difor starta med testing regelmessig her.
14. januar
Totalt i veke 2 har Ulstein fått melding om 49 positive koronatestar (dette er inkludert positive hurtigtestar frå torsdag og fredag, som ikkje er stadfesta med PCR.)
Smitteutbrotet ved Ulstein ungdomsskule
8. trinn har ni nye smitta denne veka. Saman med to elevar frå veke 1, er det totalt 11 smitta på dette trinnet.
10. trinn har 12 nye smitta denne veka. Saman med fem elevar frå veke 1, er det totalt 17 smitta på dette trinnet.
9. trinn: Ikkje påvist smitte til no.
Totalt har 29 elevar fått påvist smitte på ungdomsskulen siste to vekene.
Andre smitta
I tillegg har 27 andre testa positivt denne veka. Dette dreier seg stort sett om husstandsmedlemmer til elevane på ungdomsskulen, i tillegg til personar/familiar som har vore på ferie i utlandet i jule- og nyttårshelga.
10. januar
17 nye smitta i Ulstein
Elleve nye elevar ved ungdomsskulen har testa positivt for korona på hurtigtest. Dette gjeld sju elevar på 10.trinn og fire elevar på 8. trinn. Desse kjem i tillegg til dei ni elevane som vart meldt før helga. Dei ni er stadfesta med PCR.
Dei andre elevane har fått med seg hurtigtestar heim og skal teste seg kvar dag før skule. Ved negativ test kan dei delta på organisert trening, men vi oppmodar om å vere forsiktig ved sosial kontakt elles. Det vil i praksis seie at dei bør avgrense kor mange dei er på besøk hos i fritida, og prøve å halde meir avstand enn elles. Alle må vere merksame på symptom.
I tillegg har seks andre personar i Ulstein testa positivt på hurtigtest. To av dei er søsken til elevar på ungdomsskulen, to er gjestearbeidarar og to har ukjend smitteveg.
7. januar
Til saman ni elevar ved Ulstein ungdomsskule har dei siste dagane testa positivt for korona. Det vert difor innført testregime for elevane på 8. trinn og 10. trinn. Alle har fått med hurtigtestar heim. Nærare informasjon om korleis testregimet fungerer vert gitt til føresette via skulen.
Det vert oppmoda om at alle tek ein hurtigtest før skulestart måndag. Ved negativ test kan elevane møte på skulen, om dei elles er friske. Ved positiv test må folk isolere seg og bestille PCR-test ved å ta kontakt med Ulstein legesenter.
I tillegg til elevane har ni andre testa positivt i dag. Alle har samanheng med tidlegare utbrot.
6. januar
Alle dei fem elevane som hadde positiv hurtigtest tysdag, er stadfesta positive ved PCR. I tillegg har ni andre fått stadfesta koronasmitte ved PCR-test onsdag 5. januar. Åtte av desse er nærkontaktar som sat i karantene.
Det er førebels ikkje stadfesta at nokon av desse er smitta av omikron-varianten av viruset.
NB. Det vart tysdag meldt at ein elev ved Ulstein vidaregåande skule var smitta. Dette er feil. Vedkomande er ikkje elev der.
4. januar 2022
Etter ein lang juleferie vart det før skulestart oppmoda om at alle elevar i grunnskulen i Ulstein tok ein hurtigtest.
Fire av testane var positive. Tre gjeld elevar ved Ulsteinvik barneskule, og ein gjeld ein elev ved Ulstein ungdomsskule.
I tillegg har ein elev ved Ulstein vgs. også testa positivt på hurtigtest.
Fem andre i Ulstein har også testa positivt og fått stadfesta smitte med PCR-test sidan sist oppdatering 30. desember.
- Ein utanlandsk arbeidar
- Ein person som var nærkontakt og i karantene
- Ein tilreisande som har vore på besøk i Ulstein. Her er det mange nærkontaktar.
- To personar har vorte smitta etter julefeiring i annan kommune. Ingen nærkontaktar i Ulstein.
Det har elles vore mykje testaktivitet ved legesenteret både måndag og tysdag denne veka. Også Kleven og Ulstein har testa sine arbeidarar, og alle testane kom tilbake negative.