Koronaviruset: opninga av skular og barnehagar
Svein Arne Orvik
Familiane får beskjed frå barnehagane sine om kva dato dei opnar. Det vil også kome meir informasjon om korleis smittevernet skal sikrast i skulane og barnehagane.
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Dette veit vi no ut frå det regjeringa har bestemt:
-
Barnehagene i landet opnar tidlegast måndag 20. april og seinast måndag 27. april.
-
1.–4. trinn i grunnskulen og SFO opnar måndag 27. april.
-
Det blir laga gode rettleiarar om smittevern i skular og barnehagar for heile landet.
-
5.–7. trinn og ungdomsskulane opnar etter planen seinare i vår.
Det kjem meir informasjon etter påske, då legg vi dei detaljerte planane. Tysdag 14. april er det planleggingsdag i grunnskulane i Ulstein. Onsdag 15. april startar heimeskulen opp att.
No ønsker vi alle barn, ungdommar, føresette og tilsette ei god påskehelg!
Treng du nokon å prate med i påska? Ring helsestasjonen. Barn, ungdommar og vaksne kan ringe kvar dag, heile påska. Klikk her for å sjå telefonnummera.
Publisert 08.04.2020 12:22
Sist endra 24.04.2023 11:35