Koronaviruset: Mange har meldt seg som helsepersonell

Koronaviruset: Mange har meldt seg som helsepersonell

Pexels 110 personar har registert seg som helsepersonell i Ulstein for å kunne bidra i koronasituasjonen. Dei har brei bakgrunn og kompetanse. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vi er svært takksame for alle som har meldt seg. Dei vert kontakta når behovet er der.

 

Du kan framleis registrere deg

Registrer deg gjerne dersom du har helsefagleg utdanning og jobbar utanfor helsevesenet eller har ledig kapasitet.

 

Verdifull breidde i bakgrunn og kompetanse

Desse har meldt seg per 27. mars:  

  • Autoriserte sjukepleiarar: 16 

  • Sjukepleiarstudentar: 16 

  • Medisinstudentar: 6 

  • Hjelpepleiarar: 9 

  • Omsorgsarbeidarar: 2 

  • Helsefagarbeidarar og helsesekretærar: 24 

  • Ambulansefagarbeidarar: 4 

  • Andre (apotekteknikar, sosionom, vernepleiar, veterinær, fysioterapeut, naprapat, tannlege, bioingeniør, Røde Kors, førstehjelp, barne- og ungdomsarbeidar med meir): 33