Koronaviruset: Korleis halde arrangement?

Koronaviruset: Korleis halde arrangement?

Pexels No går det an å ha arrangement med inntil 200 deltakarar. Her ser du kva du som arrangør i Ulstein må sikre. 

   

I Noreg er det no generelt høve til arrangement på offentleg stad med inntil 200 personar, viss der er ein ansvarleg arrangør som sikrar godt smittevern. 

 

Kva betyr det i praksis? 

Nedanfor ser du kva du må sørge for dersom du er arrangør i Ulstein. Er du i tvil om noko, kan du kontakte kommuneoverlegen. Sjå kontaktinformasjonen nedst på sida. 

  • Arrangementet skal vere på ein offentleg stad. Det betyr rådhus, kultur- og grendahus, konserthus, kino, bedehus, forsamlingslokale, skular osv. 

  • Det skal vere ein namngjeven ansvarleg arrangør. 

  • Det skal lagast eit skriftleg oversyn over kven som er til stades på arrangementet. Oversynet skal vere tilgjengeleg seinare dersom det oppstår smitte som må sporast mellom dei som var til stades. 

  • Det skal vere ein meters avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrer same hustand / bur saman kan sitte saman. 

  • Lokalet skal reingjerast før og etter bruk. Det skal leggast vekt på godt overflatereinhald og godt reinhald av toalett for å unngå kontaktsmitte. 

  • Personar med forkjølingssymptom eller luftvegsinfeksjonar har ikkje løyve å delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter førkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta. 

  • Alle som deltek skal utføre god handvask/spritvask før dei går inn i lokalet, og når dei forlet lokalet. 

  • Det er forbode å servere mat frå sjølvbetening, buffet eller fat som vert sende rundt. Mat skal vere lagt på tallerken til den einskilde. 

  • Kaffikanner skal ikkje sirkulere på borda. Kaffi kan serverast frå ei kanne av ein person per kanne. 

  • Ved billettsal/loddsal skal det ikkje nyttast kontantar, berre Vipps eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker. Berre ein person kan skrive i ei bok.

 

Dersom desse reglane vert følgde, sikrar de godt smittevern for alle som deltek.

Reglane kan verte endra når helsestyresmaktene endrar tilrådingane.