Koronaviruset: informasjon til føresette i skulane våre

Koronaviruset: informasjon til føresette i skulane våre

Ulstein ungdomsskule - Klikk for stort bileteUlstein ungdomsskule Jaro Hollan / Slyngstad Aamlid Arkitekter AS Dette er ei oppfølging og ei presisering av kva det betyr for elevar og føresette at skulane er stengde. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Borna i Ulstein vart sende heim før helga grunna helsemyndigheitene sine avgjersler. Alle i Noreg er oppmoda om å ha så lite omgang med kvarandre som mogleg. For elevane våre betyr det at kommunikasjon med lærarar og medelevar går digitalt. Lærarane samarbeider på digitale plattformer og vil gi elevane opplæring digitalt i perioden framover. Det vil verte delt ut planar med tidsrom for rettleiing. De vil verte orienterte frå skulen om korleis dette skal skje gjennom e-post og skulen sine heimesider. 

Dagleg kontakt

Lærarane skal ha dagleg kontakt med alle elevar. Vi ber føresette vere med og støtte elevane så godt dei kan i opplæringa i denne perioden. Ta kontakt med skulen dersom noko er uklart eller vanskeleg. Det vil truleg kome behov i helse- og omsorgssektoren som gjer at tilsette i oppvekst kan verte omplasserte. Dermed kan situasjonen endre seg. 

Bruk tid med borna

Per 16. mars seier Helsedirektoratet at born og unge kan treffe maksimalt to vener fysisk. Det er likevel viktig at ein held kontakt med kvarandre og er sosial på andre måtar. Ein kan nytte iPad eller Chromebook til privat kommunikasjon. Vi oppmodar om å ha digital kontakt også med besteforeldre. Føresette må orientere seg på borna sine tilgangar, følgje med og hjelpe til. Samtalen med borna om situasjonen i landet er viktig. Ver tolmodige med kvarandre, bruk tid med borna dykkar.

Tilsyn av born

Vi i Ulsteinskulen tek innover oss pålegga frå staten og er med på den landsomfattande dugnaden det er å dempe og etter kvart stoppe covid-19 i å spreie seg. For dei det er aktuelt for er det eigne retningslinjer for tilsyn av born. Kontakt rektor om dette er aktuelt for deg. 

Sjå heimesidene til skulane

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset