Koronaviruset: helsing til innbyggarane frå ordføraren

Koronaviruset: helsing til innbyggarane frå ordføraren

Ordførar Knut Erik Engh oppmodar alle om å ta vare på helsa, håpet og humøret og bry seg ekstra om andre. Svein Arne Orvik

Alle tiltaka vi set i verk handlar om å hindre og forseinke smitte. Det gjer vi for å ta vare på dei i lokalsamfunnet og storsamfunnet som toler minst, seier ordførar Knut Erik Engh i denne helsinga. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kjære ulsteiningar

 

Vi lever no i ei litt merkeleg og vanskeleg tid. I dag ønsker eg å gi uttrykk for den beundringa og takknemlegheita eg kjenner overfor dykk alle saman.

Heile lokalsamfunnet vårt er med i den nasjonale dugnaden for å bekjempe koronaviruset. Det er no vi får vist kva som bur i oss og kva vi står for.

Eg har lyst til å takke alle dei tilsette i kommunen, helsetenesta og legetenesta. De er no mange som står på ekstra og strekker dykk svært langt for å gjere ein uvurderleg innsats for fellesskapen.

Eg har også lyst til å takke alle dei frivillige som stiller opp, er kreative og tek ansvar. Enten som enkeltpersonar, som ein del av hjelpeorganisasjonar, eller kyrkja.

Eg vil også takke næringslivet vårt som står på for å takle endå ei ny utfordring. Vi i kommunen skal gjere det vi kan for å hjelpe dykk gjennom denne.

Og til alle innbyggarane vil eg kome med ei sterk oppfordring: Det har alltid vore viktig å støtte lokale bedrifter, men det har aldri vore så viktig som det er no.

 

Oppe i alt alvoret så må vi hugse på å ta vare på helsa, håpet og humøret. Også der kan vi hjelpe kvarandre.

Finn ut kva som gjer din kvardag god. Kanskje er det å kome seg ut i frisk luft og sjå på vårteikna som no etter kvart dukkar opp? Kanskje er det å henge med vener på ulike sosiale plattformer? Kanskje er det å ta opp ein gamal hobby som du ikkje har hatt tid til å styre med dei siste åra?

Og så er det viktig å tenke på kva andre treng – og korleis du kan hjelpe.

Eg vil sterkt oppmode om at vi alle bryr oss litt ekstra denne tida, spesielt om dei som står deg nær og dei som bur rundt deg. Hugs å vere ein god nabo.

 

Og til deg som er uroleg for alt som skjer eller kjenner deg utrygg i din eigen heim: Ring nokon. Enten til nokon du kjenner eller til ein av dei mange hjelpetelefonane.

Uansett om du er barn, ungdom, vaksen eller gamal, så er der mange som bryr seg om deg, og der er hjelp å få.

Og viss du kort og godt treng hjelp med å hente heim matvarer eller varer frå apoteket: Ring frivilligsentralen. Dei stiller og køyrer ut til deg.

 

Til slutt vil eg minne om dei viktige levereglane som vi alle må følgje i desse dagar:

Hugs å vaske hendene dine ofte og nøye.

Hald god avstand til andre og ver i lag med så få personar du kan.

Unngå å hoste ut i lufta.

Viss du er sjuk, så hald deg heime.

Respekter reglane som gjeld i karantene – eller i isolat, viss du er i den situasjonen.

Ting endrar seg veldig fort desse dagane. Derfor må ein halde seg oppdatert på dei reglane som gjeld. Det kan du gjere på Ulstein kommune sine heimesider, der finn du all informasjon du treng til ei kvar tid.

 

Alle tiltaka vi set i verk handlar om å hindre og forseinke smitte. Det gjer vi for å ta vare på dei i lokalsamfunnet og storsamfunnet som toler minst.

Kjære ulsteining: Dette skal vi klare i lag, sjølv om vi no sit litt kvar for oss.

Takk for bidraget ditt, og lukke til med kvardagen.

 

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein