Koronaviruset: Helse- og omsorgstenesta omstiller seg

Koronaviruset: Helse- og omsorgstenesta omstiller seg

Ved Ulstein sjukeheim er det hengt opp hjarte. Svein Arne Orvik Helse- og omsorgstenesta vår har lagt om drifta og budd seg på korleis situasjonen kan utvikle seg vidare. Målet er å gi trygge rammer for både bebuarar og tilsette. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Sjukeheimen og omsorgsbustadane har ei tid vore stengde for besøk, og slik held det fram inntil vidare. Heilt naudsynte besøk skal avtalast med avdelinga der bebuarane bur.

Vi vil legge til rette for videosamtalar mellom bebuarane og deira pårørande. Det kan hjelpe på i ein krevjande kvardag der det er mindre kontakt enn til vanleg.

Bebuarane våre oppheld seg i størst mogleg grad inne på avdelingane og leilegheitene sine. Til dømes er fellesarealet på sjukeheimen ikkje i bruk. Dagsenteret på Alvehaugen gir no berre tilbod til nokre få brukarar.

Desse restriksjonane er sette i verk for å hindre koronaviruset i å spreie seg.

Ny organisering

Smittevern er også grunnen til at vi har delt inn personalet i team. Inndelinga gjer at dei tilsette har kontakt med langt færre personar enn til vanleg, også på jobb.

Vi unngår også at tilsette oppheld seg på ulike avdelingar. Dei tilsette skal så langt råd er ikkje vere nærare kvarandre enn to meter og ikkje i same rom i meir enn 15 minutt.

Vi har tatt inn nokre fleire vikarar, men førebels ikkje mange. Slik avgrensar vi kor mange personar som er innom institusjonane våre. Blir tilsette smitta eller sette i karantene, set vi inn fleire vikarar.

Vi har kjøpt inn ekstra smittevernutstyr og bestilt meir. Elles har vi styrka reinhaldet vårt, og vi nyttar no berre eingongsbestikk og -tallerkenar.

Beskytte dei mest sårbare

Vi legg stor vekt på å informere bebuarane om situasjonen. Samstundes skal vi yte så gode tenester for dei som mogleg.

Vi vil ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa så raskt vi kan, slik at sjukehusa har kapasitet til å hjelpe dei som må leggast inn der.

Så langt råd er, legg vi opp til at pasientar som vert sjuke av koronaviruset, skal hjelpast i sin eigen heim eller på sjukehus. Det vil bidra til å beskytte dei som er aller mest sårbare for smitte, og mange av dei bur på sjukeheimen og i omsorgsbustadane.

Viss bebuarar på sjukeheimen vert smitta, vil vi skjerme dei der dei bur. Dersom bebuarar frå ulike avdelingar skulle verte smitta, vil det vere behov for å samle dei i ei avdeling. Vi har budd oss praktisk slik at vi kan skjerme av ei avdeling viss det vert naudsynt.

Også i heimetenesta vurderer vi heile tida kva oppgåver vi skal prioritere for å ivareta dei mest sårbare pasientane.

Vi har god dialog med alle og bur oss på endringane som må kome dersom vi får påvist smitte hjå brukarar eller tilsette.

Takk!

Leiarane i helse- og omsorgstenesta vil rette ein stor takk til våre dyktige tilsette, som strekker seg langt og finn gode løysingar i ei utfordrande tid.

Og vi seier varmt velkomen til dei som er omplasserte frå andre delar av kommuneorganisasjonen.

Vi vil også rette ein stor takk til alle i lokalsamfunnet som har meldt seg for å kunne bli henta inn som ekstra helsepersonell.

Til slutt vil vi takke dei pårørande, dei viser stor forståing i den krevjande situasjonen vi alle er inne i.

Saman skal vi løyse utfordringane og skape trygge rammer for alle.