Koronaviruset: Har du behov for avdragsfritak på startlån?

Koronaviruset: Har du behov for avdragsfritak på startlån?

Pexels Lånetakarar for kommunale startlån (husbanklån) kan i desse koronatider ha behov for avdragsfritak.

 

Har du økonomiske problem som følge av koronapandemien?

Mange kjem i ein økonomisk vanskeleg situasjon som følge av koronapandemien. Fleire er blitt permitterte og arbeidslause, eller har fått redusert inntekt av andre ulike årsaker. 


Kva vi kan hjelpe deg med

Målet for det bustadsosiale arbeidet er at flest mogleg skal få hjelp til å behalde bustaden sin gjennom koronakrisa. Eksisterande lånetakarar for kommunale startlån (Husbanklån) kan for ein kortare eller lengre periode få betalings- eller avdragsutsetting. 

Har du låg inntekt og høge utgifter til å bu, kan du ha krav på bustøtte.

I følgje Intrum (tidlegare Lindorff), som forvaltar våre utlån, kan lånetakarar difor no få avdragsfritak inntil 6 månader (renter må likevel betalast). Intrum vil i første omgang kunne gi avdragsfritak for 2 månader i gangen. Dersom lånetakarar treng meir enn 2 månader avdragsfritak, kan fritaket forlengast med 2 nye månader – og totalt inntil 6 månader – utan at avdragsfritaket treng godkjenning (vedtak) hos kommunen.


Kva må du som lånetakar gjere?

Dersom du har behov for avdragsfritak inntil 6 månader, må du kontakte Intrum direkte. Du må også informere Ulstein kommune om dette.

For avdragsfritak meir enn 6 månadar, må du først kontakte Ulstein kommune for godkjenning (sjå kontaktinformasjon nederst).
 

Kontakt

Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08