Koronaviruset: brev til Fylkesmannen om reisekarantene

Koronaviruset: brev til Fylkesmannen om reisekarantene

Centers for Disease Control and Prevention

Ulstein kommune har i dialog med kommuneoverlegen vurdert at det ikkje er behov for strengare karantenereglar enn det som er på nasjonalt nivå. Vedtaket er samordna med fleire av nabokommunane. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Brev frå Ulstein kommune til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 23. mars 2020 

 

Ulstein kommune si kriseleiing drøfta i dag fylkesmannen si oppmoding og forventing om reisekarantene.

Ulstein  kommune registrerer at det er ulike signal frå fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkesmannen i Vestland i høve til nasjonale helsemyndigheiter og justisministeren sitt bodskap til kommunar som vil gjere lokale karantenevedtak.

Ulstein kommune følgjer for sin del dei nasjonale tiltaka og avventar nærare nye signal frå myndigheitene i morgon om kva tiltak som skal gjelde vidare. Kommuneoverlegen i Ulstein kommune finn ikkje å skrive ut hastevedtak om reisekarantene som kan gi inntrykk av at vi vert meir skjerma i Ulsteinsamfunnet med eit slikt tiltak. Smitta er i vårt lokale miljø, men dei som er smitta pr i dag har hatt karantene. Det som gir effekt er at folk er lojale til dei nasjonale tiltaka og råda. Vi held fram med å presisere overfor innbyggjarane at alle må ta ansvar og følgje råda for å unngå å verte smitta sjølv og unngå å smitte andre.

Ulstein kommune har fokus på å rigge helsetenesta ved å dele opp legetenesta i alle sjikt for å gi godt tilbod, både til dei med luftvegssymptom/misstanke om smitte, og dei som ikkje er innanfor denne kategorien. Vi har delt legekontor og legevakt for å førebyggje mot smitte og smittespreiing og har etablert eit eige infeksjonsmottak.  

Vi ser at reiseverksemda er betydeleg redusert. Den trafikken som no skjer er knytt til nødvendig transport og arbeidsreiser. Det lokale næringslivet har svært strenge reglar for å hindre smitte og dermed stans i produksjonen. Ulstein kommune har i dialog med kommuneoverlegen difor vurdert at det ikkje er behov for strengare karantenereglar enn det som er på nasjonalt nivå. Vedtaket er samordna med fleire av nabokommunane.

Vår haldning er at grenseoverskridande tiltak bør handterast av nasjonale myndigheiter, og dei må vere allmengyldige og samvirkande. Konsekvensane må også berast av fellesskapet.

Avslutningsvis vil vi presisere at koronasituasjonen er vanskeleg for alle som skal treffe avgjerder. Det er vanskeleg å vite kva som er rett, og vi har respekt for at det kan vere ulike syn i ein så usikker situasjon. Kanskje er fylkesmannen si handlekraft det rettaste, men vi ynskjer som nemnt å ha eit breiare grunnlag før det ev vert gjort eit slikt vedtak. 

 

-------------------------------