Koronaviruset: Barnehagane opnar gradvis frå 20. april
Sætra barnehage
Christin Myrene
Dei tilsette i Ulstein-barnehagane gleder seg og er klare til å ta imot born og føresette. Velkommen tilbake!
Den kommunale barnehagen (Sundgotmarka) og dei private barnehagane vil opne gradvis frå måndag 20. april.
Dei føresette vil få informasjon direkte frå sin barnehage om oppstart og tiltak.
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har laga ein rettleiar for naudsynte smitteverntiltak i barnehagane. Barnehagene i Ulstein vil følgje føringane i denne rettleiaren.
Publisert17.04.2020 13.05
Sist endra17.04.2020 13.09