Koronavaksinering i ferien

Koronavaksinering i ferien

Ole-Ottar K. Høgstadvoll Kristin Meli, leiande helsesjukepleiar ved Ulstein helsestasjon, fortel at dei vaksinerer for fullt gjennom heile sommaren. Ho oppmodar alle som får SMS frå c19.no om å velje om dei vil ha koronavaksine eller ikkje. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Korleis du får innkalling til koronavaksinering

Det er fastlegane som prioriterer kven som skal få vaksine når, og vaksineringa skjer etter FHI sine sentrale retningslinjer for prioritering.

Når det vert din tur for å få vaksine i Ulstein, vil du få tilsendt SMS frå c19.no. I SMS'en er det ei lenke som du må trykke på for å logge deg inn. Du kjem då inn til ei side der du du kan bestille time eller takke nei til koronavaksinasjon

Bruk ID-porten (bankID) for å logge deg inn. 

 Dersom du trykkjer på knappen "Bestill time til koronavaksinasjon", får du automatisk tildelt dato og klokkeslett for vaksinering (du får ikkje velje tidspunkt sjølv). Den tildelte timen kjem i ny SMS frå c19.no. 

Dersom du ikkje vil ha vaksine, er det berre å takke nei.

- Dei som ikkje gir respons på SMS ved å bestille time eller takke nei til koronavaksinasjon, vert oppringt av helsestasjonen i Ulstein. Dersom dei ikkje tek telefonen, får dei ein SMS frå helsestasjonen. 
Om nokon av viktige årsaker treng å endre timen, så kan dei avbestille og legge inn tidlegaste dato ein er tilgjengeleg. Alle som får SMS, men som allereie har fått vaksine, bes ringe oss på 477 54 774. Ved spørsmål eller hjelp til bestilling, ta også kontakt med oss, seier leiande helsesjukepleiar Kristin Meli. Ho oppmodar alle som får SMS frå c19.no om å velje om dei vil ha vaksine eller ikkje.

 

 

Koronavaksinering i sommar

Ulstein helsestasjon vaksinerer for fullt gjennom heile sommaren. Dersom den tildelte timen kolliderer med feriereise kan du ringe direkte til helsestasjonen. Timen din blir då utsett til du er komen heim.

Kontaktinfo: Ulstein helsestasjon.

Når dei som er mellom 45 og 55 år er ferdig vaksinerte, er det aldersgruppene 18-25 år og 40-44 år sin tur. Attenåringane og 44-åringane får innkalling på same tid. I tillegg skal vi no prioritere tilsette i skulane og barnehagane. Målet er at dei skal ha fått sin første dose før ferien er over. Vi prioriterer også sjøfolk i utanriksfart - det vil sei dei som må i karantene etter heimkomst.

- Vi veit ikkje antal dosar meir enn ei veke fram i tid, men dersom mengda held seg omtrent som per i dag i vekene framover, får vi ca 350-450 dosar per veke, seier Kristin Meli.