Koronavaksinasjon i Ulstein kommune

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Her får du ei oversikt over status på koronavaksineringa i Ulstein kommune, når du kan få vaksinen og anna informasjon om vaksinasjonsprogrammet.

Om koronavaksinen

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetyper, men det er enno usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinene og kan tilby dei til anbefalte gruppene. Per no, 4. januar, har Noreg éin type vaksine tilgjengeleg: Pfizer-vaksinen. Noreg har avtale med EU om vaksine. Det er fleire vaksinekandidatar på trappene. Moderna-vaksinen kan bli godkjent ganske snart.

Folkehelseinstituttet håpar at om lag 3 millionar nordmenn er vaksinert innan 1. oktober med vaksinetypen vi no har tilgang på. Fleire andre typer har kome langt i prosessen, og sannsynligvis vil dei bli tilgjengelege for norske kommunar i fyrste halvår 2021. Det kan gjere at vaksineringsprosessen går endå raskare.


Kostar koronavaksinen noko?

Koronavaksinen og vaksinasjonen er gratis.

 

Når startar vaksinering i Ulstein?

Vaksineringa mot korona startar i veke 1 med bebuarar på sjukeheimen .Vi får i starten svært få vaksiner - 25 stk i veke 1. Vaksineringa skjer derfor etter sentrale retningslinjer for prioritering.

 

Når vil eg få vaksinen?

Du vil bli kontakta når det er din tur for å bli vaksinert. Du skal ikkje ringe legesenteret, helsestasjonen eller kommunen for å bestille time. Når du blir kontakta og får tidspunkt for vaksinering, ber vi deg om å fylle ut eigenerklæringsskjemaet  (PDF, 521 kB)og ta det med ved frammøte for vaksinering. 

 

Kor skjer vaksineringa

Vaksinering for heimebuande vil i første omgang gå føre seg ved helsestasjonen på Reiten.

 

Information about the corona vaccine i other languages

 

Meir informasjon