11. april
Ein person busett i Ulstein har testa positivt på korona. To elevar i barneskulen er nærkontaktar, og dette gjer at fjerdetrinn på Ulsteinvik skule og ei åttandeklasse på ungdomsskulen er i ventekarantene. I tillegg er to treningsgrupper frå Aktiv trening Varleite definert inn som nærkontaktar, då vedkomande var på trening tysdag og torsdag. To av Hødd sine fotballag er også i ventekarantene, det gjeld dei som var på trening med g13 og g14 fredag og laurdag.
Smittekjelda er ukjent.
Dei som er i ventekarantene må vente til nærkontaktane har fått negativt svar på første test før dei er ute av karantenen.
I Ulstein er også ei klasse på Ulstein vidaregåande i ventekarantene, knytt til eit smittetilfelle i Ørsta.
Testing veke 13
Det vart testa 270 personar i Ulstein i veke 13.
7. april
Tre personar i Ulstein har testa positivt på korona. To av personane har vore i smittekarantene som nærkontaktar til eit kjent smittetilfelle på Hareid. Dei to er no overført frå karantene til isolasjon. Her er det ingen nye nærkontaktar, då dei to har vore i karantene.
Også ein tredje person har testa positivt. Smitten her kjem truleg frå Austlandet, då vedkomande har besøkt familie der i påska. Også familien på Austlandet har testa positivt for korona. Her er det to nærkontaktar som kjem i smittekarantene, ein i Ulstein og ein på Hareid.
4. april
Ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Personen har 13 nærkontaktar som no er sett i karantene.
Smittekjelda er førebels ukjent.
2. april
Ytterlegare to personar i Ulstein har testa positivt for korona. Dei to er nærkontaktar med personen som fekk påvist smitte 31. mars. Dei har vore i karantene som følge av dette, og er no i isolasjon.
20 andre som er i karantene i Ulstein, grunna smittetilfelle andre stadar på Sunnmøre, har testa negativt på første test.
31. mars kl. 19.30
Det har kome melding om at ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Tre andre i Ulstein er i karantene som følge av dette. Personen skal ikkje ha fleire nærkontaktar i Ulstein, men det er også sett i gang smittesporingsarbeid i Herøy, der den koronasmitta har arbeidsplassen sin.
Dette smittetilfellet har ikkje samanheng med meldingane tidlegare i dag, om fleire som er i smittekarantene og i ventekarantene.
Dei tre i karantene vert testa skjærtorsdag, 1. april.
Sjå oversikt over alle smittetilfella sidan mars 2020.
Smittestatus sidan 12.03.2020