Koronakrisa: Søk støtte frå nytt næringsfond

Koronakrisa: Søk støtte frå nytt næringsfond

Lys ide - Klikk for stort bilete Pexels

To millionar kroner skal delast ut i Ulstein. Få rettleiing av Ålesund kunnskapspark og send søknad. Vi behandlar søknadar fortløpande.

NB: Næringsfondet er no brukt opp, og det er ikkje høve til å søke om støtte frå fondet   

Koronapandemien har gitt auka arbeidsløyse og redusert økonomisk aktivitet. Regjeringa har difor løyvd midlar til blant anna eigne kommunale næringsfond. Fonda skal legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping.

Midlane til næringsfond går til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19. Ulstein kommune har fått tildelt 2 005 594 kroner.

 

Kven kan søke støtte?

Målgruppa er små- og mellomstore bedrifter eller andre næringsaktørar som legg til rette for vidare næringsutvikling. Tiltaka som ein søker midlar til skal motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet og vere avgjerande for vidare vekst og eksistens. 

 

Kva legg vi vekt på når vi vurderer søknadane?

I vurderinga av søknadane om tilskot blir det særlig lagt vekt på

  • i kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial

  • i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vert antatt å motverke negative verknadar av covid-19-utbrotet

  • kor raskt tiltaket kan settast i gang

  • tiltak som fremjar nyskaping og utvikling (iht. Nyskapingsstrategi for Ulstein kommune 28.03.2019)

  • i kva grad tiltaket kan bidra til samarbeid mellom partnarar og stimulere til strategisk samarbeid/alliansar

  • at tiltaket må føre til auka sysselsetting i Ulstein kommune, men søkar/organisasjon treng ikkje ha adresse i Ulstein kommune 

Andre krav:

  • Tilskotet skal ikkje gå til å dekke ordinære driftskostnader.

  • Tilskotet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket. Det betyr at tiltaket ikkje kan startast opp før søknad om tilskot er handsama.

  • Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektets kapitalbehov.

  • For tiltak som i særleg grad oppfyller målsettingane kan ein unntaksvis vurdere tilskot opp til 75 prosent.

  • Eit tiltak kan maksimalt få tildelt 30 000 per arbeidplass den antas å skape – opp til ei øvre grense på 200 000 per tiltak. Ved særskilde tilfelle kan rammene fråvikast.

  • Eigeninnsats kan godkjennast som søkar sin eigendel av finansieringa, innanfor ei øvre grense. Estimert timeanslag og timepris må dokumenterast i søknaden. 

Meir informasjon om ordninga får du i "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". 

 

Andre støtteordningar

Kommunale næringsfond skal primært nyttast på dei små og mellomstore lokale bedriftene, og til prosjekt som ikkje heilt fyller krava hos Innovasjon Norge, men som for bedrifta likevel vil vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.

Til nyetablerarar som vil avklare om ein forretningside er liv laga, er hoppid.no-midlane det rette verktyet.

 

Korleis søker ein om støtte?

Før du sender søknaden, ønsker vi at du kontaktar Robert Voldnes i Ålesund kunnskapspark og får rettleiing (sjå kontaktinformasjonen lenger nede). Då sikrar du at søknaden vert rett fylt ut, slik at vi ikkje må sende søknaden i retur fordi han manglar vesentlege opplysningar. 

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet.

 

Når blir søknadane behandla?

Vi behandlar søknadar fortløpande så lenge der er midlar i fondet:  

  • Søknadar som er leverte innan 20. august 2020, vert behandla i formannskapsmøtet 1. september.

  • Søknadar som er leverte innan 1. oktober 2020, vert behandla i formannskapsmøtet 20. oktober.

  • Søknadar som er leverte innan 1. november 2020, vert behandla i formannskapsmøtet 17. november.

 

Offentlege opplysningar

Opplysningar som vert gitt i søknaden, vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentleglova.

 

Rapportering og utbetaling

Normalt vert tilskotet utbetalt når tiltaket er gjennomført. Er det nødvendig for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Ved behov kan det utbetalast inntil 75 % av tilskotet etter kvart som mottakaren dokumenterer framdrift i tiltaket.

Tilskotsmottakarar skal rapportere og be om utbetaling i henhold til rapporteringskrav i departementets elektroniske forvaltningsportal, regionalforvaltning.no.

Tildelinga vil kunne falle bort helt eller delvis eller bli kravd tilbakebetalt, dersom støttemottakar endrar prosjektet som låg til grunn for tildelinga utan å søke forvaltar av fondet om denne endringa, og får ei skriftleg stadfesting på dette.

Tilskotsmottakar skal sende inn ein sluttrapport og ein rekneskap for prosjektet, sett opp etter same oppstilling som budsjettet. Her skal også gjennomført eigeninnsats vore dokumentert med signert timeliste og attest på timepris frå rekneskapsførar eller revisor.

 

Andre reglar

Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

 

Kontaktpersonar

Ulstein næringsforum: Daniel Garden, daniel.garden@ulstein-nf.no eller mobil 997 16 193. Daniel kjenner det lokale næringslivet godt. 

Ålesund kunnskapspark: Robert Voldnes, robert.voldnes@aakp.no eller mobil 906 58517. Har du spørsmål om kva støtteordning du kan søke på, kan du ta ein prat med Robert. Han kan svare på spørsmål knytte til nyetableringar, tilskot, forskningsprosjekt, og verkemiddelapparatet generelt. Robert er hoppid.no-kontakt for Ulstein Kommune, kompetansemeklar for Forskningsrådet og har god kjennskap til Innovasjon Norge sine tenester.

Kontakt

Monica Cecilie Torp
kommunalsjef
E-post
Mobil 90 74 32 07