Korona: nye råd og reglar frå 20. januar

Regjeringa vidarefører i hovudsak dei strenge smitteverntiltaka for å stoppe ei ny smittebølgje. Det er likevel rom for å sleppe opp litt for barn og unge.

smitteverntiltak, vaske hendene, håndvask - Klikk for stort bileteViktigast: Hugs avstand og god handhygiene! Pexels.com  

Oppdatert 22.01 med nye nasjonale reglar for skjenking

Ulstein kommune følgjer dei nasjonale råda og reglane, og har ingen lokale råd og retningslinjer utover det som står her.


Desse råda er nasjonale og reglane gjeld frå 20. januar og så lenge det er naudsynt. Regjeringa vil fortløpande vurdere situasjonen. Kommunane kan også gjere lokale vedtak basert på smittesituasjonen i kommunen.
 

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Du blir oppmoda om å møte andre utandørs og ikkje ha fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei du bur med.
  • Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan du ha fleire enn 5 gjestar, men hugs avstandsreglane.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.


Arrangement

  • Arrangement bør utsetjast eller avlysast.
  • Dersom arrangement må gjennomførast:
    • Maks ti personar på private samlingar utanfor eigen heim (til dømes bursdag i leigd lokale). Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
    • Offentlege arrangement: maks 10 personar.
    • Dersom arrangement-stad har fastmonterte stolar med naudsynt avstand, kan ein ha 200 publikummarar.
    • I gravferder kan det vere 50 personar til stades, sjølv om stolar ikkje er fastmonterte.
    • Utandørs arrangement kan ha 200 deltakarar, eller 600 dersom alle i publikum sit i fastmonterte seter.
    • Arrangement utsetjast dersom dei samlar personar frå fleire kommunar.
  • For alle arrangement og samlingar må de kunne overhalde smittevern- og avstandsreglane.

 

Skule og barnehage


Barnehagane og skulane er på gult nivå.

 

Høgare utdanning

 

  • Alle universitet, høgskular og fagskular bør bruke digital undervisning der dette er mogleg.
  • Alle planlagde arrangement bør vere digitale, og større forelesningar og samankomstar bør unngås.
  • Studentar i område utan høg smitte bør få moglegheit til fysisk undervisning minst ein gong i veka når det er mogleg å gjennomføre i mindre grupper og i tråd med smittevernreglane.

 

Arbeidsplassar


Heimekontor for alle som har moglegheit til dette. 



Butikkar


Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre antalsavgrensingar og adgangskontroll slik det er mogleg å halde avstand.



Restaurantar, kafear og barar 

  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. 
  • Frå og med fredag 22. januar kan serveringsstader som har skjenkeløye servere alkohol når følgande vilkår er til stades:
    • Gjestane får servert mat
    • Det er sitteplassar til alle gjestane
    • Det er bordservering 
    • Nye gjestar kan ikkje kome inn etter kl 22:00
    • Ingen servering etter midnatt
    • Ingen skal konsumere alkohol etter 0030.

Serveringsloven ligg til grunn for kva det betyr å servere mat:

  • Forhalde ligg til rette for å ete på staden
  • Salg av kioskvarer, baguetter, bollar etc. er ikkje tilstrekkeleg
  • Servering gjeld både innandørs og utandørs
  • Korleis maten har blitt laga har ingenting å seie (eiget kjøkken, catering, levering gjennom food trucks m.m).

 

Trening/fritidsaktivitet

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei treng heller ikkje halde 1-meteren når det er naudsynt for å drive aktiviteten.
  • Barn og unge kan trene både ute og inne, men kampar, cupar, stemne osb må framleis utsetjast.
  • Toppidretten blir råda til å utsetje alt seriespel i to veker.
  • Vaksne blir fråråda å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene med god avstand

Lokale retningslinjer for innetrening/ trening i hall for vaksne

  • Det har kome fleire spørsmål til kommuneoverlegen i Ulstein om høve til å trene i gymsal/treningshall for vaksne som på privat basis har faste grupper. Med tanke på at treningssenter er opne, vedtek kriseleiinga slike retningliner for trening i gymsal/hall for vaksne. Det vert opna for at grupper på inntil 10 personar kan organisere trening inne om desse vilkåra vert oppfylt:
    • Grupper på inntil 10 personar.
    • 1 ansvarleg person må vere kontaktperson og føre lister over kven som deltek på kvar trening.
    • Det må vere mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre,- helst 2 meter.
    • Kontaktidrett er ikkje tillate i desse gruppene.
    • Vanlege smittereglar om reinhald, handvask gjeld også her.


Reiserestriksjonar

  • Unngå reiser i inn- og utland som ikkje er naudsynte.
  • Reiser til studiestad kan bli rekna som ein naudsynt reise.
  • Du kan reise på hyttetur med dei du bur med, men følg lokale råd og reglar.
  • Alle som kjem til Noreg må teste seg på grensa. Dei må også vise fram negativ koronatest tatt under 72 timar før dei kjem til Noreg. Alle må også i ti dagars karantene. Etter to negative testar i Noreg kan du gå ut av karantene etter sju dagar.
  • Personar som ikkje har fast bustad eller eigna karantenestad må bu på karantenehotell.
  • Følg retningslinjer og råd frå nasjonale mynde.