Korleis er det å bu i Ulstein?

Klikk for stort bilete Ulstein kommune Fram til 15. desember har du sjansen til å seie meininga di i innbyggjarundersøkinga!

   
Vi ønskjer at Ulstein skal vere den beste kommunen å bu i for alle. For å betre kvaliteten på tenestene vi tilbyr, vil vi høyre dine synspunkt og erfaringar. 

 

Du får tilsendt passord

I desse dagar gjennomfører vi ei stor innbyggjarundersøking. Det er sjølvsagt frivillig å delta, men vi håpar du kan ta deg tid til å svare! 

Alle husstandane får i veke 49 tilsendt passord som skal nyttast til å svare. Kvart passord kan nyttast éin gong. 

Svarfristen er 15. desember. 

 

Korleis svare? 

Du leverer svar ved å klikke her og bruke eingongspassordet.

Er de to i husstanden over 18 år, nyttar de også passord nummer 2.

Bur det fleire enn to over 18 år i husstanden? Skriv til oss på innbyggjarundersoking@ulstein.kommune.no, så sender vi fleire passord. 

 

Hjelp til å svare? 

  • Har du familiemedlemmer, naboar eller vener som kan ha problem med å svare digitalt? Hjelp dei gjerne med å svare på undersøkinga. 
  • På sørvistorget på rådhuset kan du få ei papirutskrift av undersøkinga til å fylje ut, viss du føretrekker det. Sørvistorget har ope kl. 9–15 alle kvardagar. 
  • På sørvistorget kan du også fylle ut undersøkinga digitalt på publikums-pc-en.
  • 12. desember er vi på sjukeheimen, på bygdastova og ved omsorgsbustadane i Holsekerdalen og på Sjøsida for å hjelpe dei som ønsker det, med å svare. Tidspunkta vert annonserte på stadane. 

 

Personvern 

Alle svara vert handsama anonymt og i samsvar med Datatilsynet sine reglar for personvern. Resultata frå undersøkinga vert offentleggjorde på kommunen sin nettstad og i media. 

 

Spørsmål? 

Har du andre spørsmål om undersøkinga? Send oss ein e-post til innbyggjarundersoking@ulstein.kommune.no

 

Takk for hjelpa!