Korleis du kan bidra til eit tryggare og varmare samfunn?

Klikk for stort bileteMOT-leiar i Ulstein, Knut Erik Engh og MOT-rektor Leon Romestrand håpar at så mange som muleg får med seg foredraget onsdag 4. mars på Ulstein ungdomsskule. Foredraget er gratis og ope for alle som bryr seg om barn og unges kvardag. MOT, Ulstein kommune MOT vil skape eit varmare og tryggare samfunn. Har du tenkt over korleis du kan bidra? Bli med på gratis foredrag med inspirerande Bjørg-Elin Moen.

Bjørg-Elin Moen har doktorgrad i psykologi fra NTNU. Ho er tilsett i MOT og er kjent som ein inspirerande og modig foredragshaldar.

Gjennom foredraget som er ope for alle, vil Bjørg-Elin blande forsking, historier og erfaringar slik at du går derifrå og veit meir om kva du kan gjere for å bidra til eit varmare og tryggare samfunn for ungdom. 

– Ho snakkar eit språk alle forstår og kjem med gode eksempel og fokus på heile mennesket. Bjørg-Elin kjem med konkrete verktøy som styrker deg som leiar, tilsett, føresett, venn og vaksen, seier MOT-rektor Leon Romestrand. 

Flest mogleg

Foredraget er for foreldre, interesserte vaksne, trenarar, leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, og tilsette i nærmiljøet som arbeider med barn og unge. 

Føresette til elevar ved ungdomskulen har fått direkte invitasjon til foredraget. I tillegg er det sendt ut invitasjon på e-post til lag og organisasjonar og alle tilsette i kommunen.

Følg gjerne Ulstein – Lokalsamfunn med MOT på Facebook der foredraget ligg som arrangement. Vi ønsker å nå ut til flest mogleg som bryr seg om å bidra for å skape ein god kvardag for alle, seier MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein. 

Å bry seg om alle

– Det er som eit afrikansk ordtak seier: Det skal ein heil landsby til for å oppdra eit barn. Vi håpar verkeleg at alle som har moglegheit får med seg dette viktige foredraget som handlar om korleis vi skaper eit enda varmare og tryggare samfunn, seier MOT-rektoren. 

Undersøkingar viser at dei fleste har det godt og trygt. Men ikkje alle. Leon meiner det er viktig å vere bevisst og heile vegen jobbe forebyggande. Han får støtte frå Ulstein sin MOT-leiar, ordførar Knut Erik Engh. 

– Sjølv om ting står bra til så er det ikkje gitt at det held fram slik. Det krev at folk stiller opp og bryr seg både om sine eigne og andre sin ungar. Eg vil tilrå alle å få med seg dette, seier ordføraren.