Kommunestyret har talt om skulestruktur

Kommunestyret har talt om skulestruktur

Haddal skule er ein av skulane som var truga ved strukturendring. No har kommunestyret sagt at skulestrukturen ikkje vert endra - i denne omgang. Janne-Marit Myklebust Ulstein kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i Ulstein ikkje vert endra slik situasjonen er no.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Fleirtalet i kommunestyret vedtok torsdag 19. mai at skulestrukturen i kommunen ikkje vert endra slik situasjonen er no.

Vedtaket ser slik ut:

Høg kvalitet i skulen er ei god investering for Ulsteinsamfunnet, og Ulstein kommunestyre ønskjer å vidareføre fagleg og sosial kvalitet på dagens nivå i Ulsteinskulen.

Ulstein kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i Ulstein ikkje vert endra slik situasjonen er no. Det skal likevel arbeidast for å sikre økonomisk handlingsrom, og følgjande prinsipp skal følgjast: 

  • Ressurs som vert tildelt skuleområdet skal vere i tråd med tildelingsnøkkel i rammetilskotet og med demografisk utvikling.
  • Ressurs til den enkelte skule skal tildelast etter norm for lærartettleik så langt det er mogleg. Eit forsvarleg opplæringstilbod må likevel til ei kvar tid sikrast.
  • Arbeid med organisasjonsutvikling og kompetanseheving ved skulane skal intensiverast, med mål om å oppnå god universell opplæring der behov for spesialundervisning vert redusert.
  • Dersom elevtalet ved ein skule vert så lågt at det etter lærarnorma vert tre eller færre lærarstillingar ved skulen, skal ei strukturendring vurderast.
  • Brukarbetaling ved SFO vert vurdert årleg i samanheng med sak om budsjett/økonomiplan.