Klart for Psykologtimen igjen

Banner for psykologtimen Ulstein kommune Etter ein lengre koronapause inviterer kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust igjen til psykologtimen. Tema 8. september er uro og angst.

Uro er ei av våre mest grunnleggjande kjensler. Uro kan vere ei kjelde til kraft og styrke, men den kan også lamme oss fullstendig. Då vert det kalla angst. I Psykologtimen onsdag 8. september kan du få meir kunnskap om angst og uro.

 

Psykologtimen er for alle

Psykologtimen er ein serie opne arrangement for alle som er interesserte i si eiga og andre si helse. Ein gong i månaden inviterer kommunepsykologen i Ulstein til foredrag og samtalar om psykisk helse og hjernehelse.

Gratis inngang! NB: Obligatorisk førehandspåmelding: https://www.ulstein.kommune.no/ulstein-bibliotek/aktuelt/kommunepsykologen-er-attende.119611.aspx
(For å kunne halde meteren vil vi maksimalt tillate 75 gjestar i lokalet.)

 

Tid og stad

Onsdag 8. september kl. 19.00

Ulstein bibliotek på Ulstein Arena 

Kontakt

Tomas Brandal Myklebust
kommunepsykolog
E-post
Mobil 482 06 606